Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Om demokrati og politikk og sånn - eit dritkjedeleg, men naudsynt innlegg kring plassering av barneskule i Sogndal

Avatar: Eyvind Øgar
Eyvind Øgar

OBJEKTIV, SUBJEKTIV, FAGLEG ELLER POLITISK?
Det er stort sett Trudvangtilhengarane som gjer seg synlege i media. Eit tynt saksframlegg med faktafeil og manglande fagleg grunngjeving gir ei kjensle av urettferdig behandling. Er det difor det stort sett er Trudvangtilhengarane me høyrer frå? Er Kvåletilhengarane nøgde, og tenkjer at saka er avgjort? Eller er dei som ikkje seier noko likegyldige? Eller kanskje dei sit i ro i båten fordi dei har handa full av jokerar og ein gjeng med ess i ermet.

Uansett om ein ynskjer skule på Kvåle, Trudvang eller berre vil få saka ut av verda, trur eg folk er opptekne av ein lovleg, demokratisk og fagleg forankra prosess.

FAKTA FYRST, ELLER POPULÆRMUSIKK ISPEDD LITT SLADDER?
«Fyrst må fakta på bordet», sa kommunedirektøren på folkemøtet om plassering av barneskule i Sogndal. «Politikk kjem etterpå.» Tilrådinga frå kommunedirektøren er tufta på ei rekkje kriteriesett og ei vekting av desse. Vekting er politikk, det sa kommunedirektøren også.
Alle kommunar har ein eigen samfunnsplan. I innleiinga til Sogndal kommune sin samfunnsplan står følgjande:

"Når den mest overordna av alle planar skulle lagast, og når det skal vere den første samfunnsplanen for ein splitter ny kommune, så var bestillinga klar: Denne planen ville politikarane og administrasjonen i Sogndal kommune lage saman med innbyggjarane. (...) I tillegg har stat, fylkeskommune, region, frivilligheit, næringsliv og dei tilsette i kommunen sagt sitt. Samfunnsplanen skal òg ta inn over seg den politiske ambisjonen til dei folkevalde, og er derfor forankra gjennom politiske arbeidsverkstader, orienteringar og drøftingar. Planen du les er summen av alle bidrag. Bak den ligg kompromiss og samanhengar, vidareutvikling av sterke sider og styrking av det som kan bli betre. Ein samfunnsplan som skal syne veg inn i framtida, seie noko om kven me er, kvar me skal og korleis me skal kome oss dit."

Kva verdisyn og politikk som skal liggje til grunn for eit saksframlegg er altså allereie avklara.

Det har vore mange oppslag i Sogn avis kring arbeidsmengd for kommunestyrerepresentantane, møtelengd og storleik på sakspapirbunke. Kommunestyrerepresentantane er heilt avhengige av gode saksframlegg frå kommunedirektøren. Kommunen har ansvar for å utarbeide fagleg forankra, etterrettelege saksframlegg, i tråd med samfunnsplanen og i samsvar med norsk lovverk, rikspolitiske retningslinjer osb.

PLAN- OG BYGGJESAK. FYRSTESIDE- ELLER MIDTSIDESTOFF?
Plan- og byggjesak utgjer ein stor del av kommunen sine arbeidsoppgåver. Kva som skal planleggast er utgangspunktet for gangen i planarbeidet.

Kva skal planleggast? Barneskule. Kven er brukarane? 700 born, 80 tilsette. Desse svara tek oss vidare til Noregs grunnlov §104: Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn. Det same finn me att i formålsparagrafen til plan- og bygningslova også. Ikkje minst er det òg nedfelt i FN sin barnekonvensjon, ein internasjonal menneskerettskonvensjon. Alt dette er godt skildra i vegleiaren «Barn og unge i plan og byggesak», utgitt av kommunal og moderniseringsdepartementet i 2020. Me kan no slå fast at borna er fyrstesidestoff.

Vidare i vegleiaren frå departementet kan me lese at omsynet til born og unge også bør sjåast i samanheng med krav i folkehelselova. Folkehelselova gir alle forvaltingsnivå og sektorar påbod om å leggje folkehelseperspektivet til grunn for sitt virke og å vurdere konsekvensar for folkehelse i planar og tiltak dei set i verk.

OR EIGA LOMME? ELLER ANNAN MANNS GRUNN?
Oreigningslova gir heimel til å tvinge til å overføre eigedom til det offentlege, mot vederlag. I §2 kan me lese «Vedtak eller samtykke kan ikkje gjerast eller gjevast utan det må reknast med at inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade.» Vidare i lova, §7, finn me at dersom det til dømes er snakk om å oreigne bustad- eller jordbrukseigedom, skal dette berre gjerast dersom det ikkje finst annan tenleg grunn, eller at føremonene med å ta nett denne eigedomen er så store at det «tvillaust er meir til gagn enn skade».

Det må greiast ut om tiltaket i saksframlegget tvillaust er meir til gagn enn skade. Ei slik utgreiing er typisk ei moglegheitsstudie, der ulike alternativ vert skildra og samanlikna. Sogndal kommune bestilte og fekk gjennomført ei moglegheitsstudie i 2022, utarbeidd av konsulentselskapet HRP AS. I bestillinga var det presisert at studien skulle vera utan konklusjon. Ein problematisk detalj med tanke på grunnlag for oreigning. Konklusjonen er den viktigaste delen av studien.
Tilrådinga me finn i saksframlegget til plassering av ny barneskule skil seg monaleg frå Kvålealternativet som er utgreidd i moglegheitsstudien. Altså er ikkje det tilrådde Kvålealternativet utgreidd.

JOKER NORD
I saksframlegget er føremon og ulemper for tre ulike alternativ lagt fram i form av ein tabell med vekting ut frå ei rekkje vurderingskriterium. Det vert forklart denne metodikken vert brukt for å få ei mest mogleg objektiv framstilling. Metodikken er vurdert til å vera lite objektiv. Ei vurdering gjort av fagfolk med fordjuping innan vitskap om innsamling, oppsummering og analysering av data.

I tabellen er det nytta skåringane
6: Beste vurderte løysing (for det aktuelle kriteriet) 5: Ei god løysing
4: Ei tilfredsstillande løysing
3: Ei tilstrekkeleg god løysing
2: Ei dårleg løysing
1: Ei løysing som skal unngåast dersom mogleg.

Det er alltid eitt alternativ som skal få skår 6. Dersom det beste alternativet på gitt kriterium eigentleg vart vurdert til 4, ei tilfredsstillande løysing, vil dette alternativet hoppe opp to poeng og få 6-ar. Dei andre alternativa skal då justerast proporsjonalt, og får også to ekstrapoeng. Det vil seie at ei løysing som eigentleg er vurdert til 1, ei løysing som skal unngåast dersom mogleg, vil hoppe opp på 3, ei tilstrekkeleg god løysing. Kven kan då vite kva vurderinga eigentleg er?

Dessutan var det ei klok røyst som ein gong sa:

«Ikkje alt som kan teljast tel, og ikkje alt som tel kan teljast.»

-Albert Einstein

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del