Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Samspel med arealplanar, plassering som gjer at flest mogleg kan gå eller sykle

Avatar: Jan  Helge Aalbu
Jan Helge Aalbu

I tilråding om ny skuleplassering skriv kommunen at ny barneskule vil påverke samfunnsutviklinga i Sogndal i eit 50-60 års perspektiv, og at alle tre alternativa ligg i det kommunestyre har definert som sentrum i arealplanen. Eg saknar bindinga mellom arbeidet med arealplan i kommunen og ny skuleplassering.

I samband med arealplan for Sogndal kommune 2022 har kommunen fått utarbeidd to moglegheitsstudier for Sogndal sentrum. Desse er utarbeidd av TAG arkitekter og StivKuling med Lala Tøyen. Det verkar som desse studiane er lagt vekk, og gløymt i samband med utarbeiding av tilrådinga av plassering av ny barneskule. Eg ynskjer å framheve eit par av momenta som kjem fram i moglegheitstudiane.

Frå TAG si studie:
«Trudvang skole ligger i dag svært sentrumsnært, og er en viktig bidragsyter for det sosiale bylivet. Det foreligger planer om at skolen skal flyttes opp til Kvåle med resten av utdanningsklyngen ved Fosshaugane, da det er behov for større arealer for dagens Trudvang skole.

Skoler er ikke bare et sted for elever, men er også et oppholdssted for barn og unge på ettermiddag/kveld også. Det skaper aktivitet og liv i nærmiljøet, samtidig som det minimerer transportbehovet for beboere i sentrum. I tillegg blir det mer attraktivt å bosette seg sentralt. Sogndal kommune eier noen av boligtomtene i øst og nord for Trudvang.

Et alternativ er å utnytte disse til å utvide skoletomten på sikt. Dagens bygningsmasse kan rehabiliteres og potensielt utvides ved behov. Ut ifra et bærekraftsperspektiv er dette det anbefalte alternativet.»
TAG har også føreslått ei ytre sentrumsone som er avgrensa før Campusområdet som tilseier at å flytte skulen til Kvåle er å flytte skulen ut av sentrum.

Frå StivKuling og Lala Tøyen:
«Campus er viktig tyngdepunkt når det kommer til kompetansearbeidsplasser, høgskole/studenter, idrett, skole og lignende. De østre delene ligger relativt tett på sentrum, og på sikt vil det være naturlig å koble disse tettere sammen. De vestre delene av Campus ligger relativt langt fra sentrum, og en utvidelse videre vestover vil være uheldig for styrkingen av sentrum.»

I sin omtale av dei tre delområdene i Sogndal sentrum har dei lagt til eit 4. om Campusområder:

«Campus: kompetansearbeidsplasser, høgskole etc. bør utvikles i retning sentrum»

Under supplerande tiltak under omtalen for Fjøra aust står det:

«Alle nye større tiltak i bygda må vurderes i forhold til om de forsterker eller svekker Fjøra som urbant og aktivt sentrum, for eksempel plassering av ny sentrumsskole, etablering av handel og næring andre steder enn Fjøra.»

Ved å flytte skulen opp til Kvåle bryt ein med vurderingar frå begge desse moglegheitstudiene. Sjølv om dei ikkje direkte har vurdert ny skuleplassering er det tydeleg at begge studiane peikar på at setrumsutvikling bør skje aust for campusområdet.

I tillegg ser det ut til at i planane kommunen presenterar med ny skule på Kvåle som så langt er presentert blir det lagt opp til bygging av ny stor 1-10 skule og ikkje 1-7 skule som vedtatt i kommunestyre.

For å støtte opp i vurderingane om sentral plassering i Sogndal har eg brukt ei GIS analyse Asplan Viak har utarbeidd som ser på gangsentralitet.

Gangsentralitet vert målt i antall personar, og antallet vert rekna ut ved å måle kor mange personar som bur innanfor ein gangavstand på maks 1 kilometer frå punktet som målast. For å beregne dette nyttar ein eit nettverk av vegar, gangvegar, stiar og registrering av busette. Eit punkt som har høg gangsentralitet må ligge i eit område med eit tett gangnettverk, stor befolkning, eller begge deler.

Identiske målingar vert gjort for alle punkt i eit tett rutenett, og resultatet er eit sammenhengende mønster som viser kor tilgjengeleg området er.

Med bruk av denne analysen kjem det tydeleg fram at det er tomtene på Foss og Trudvang som ligg sentralt til for gåande. Analysen viser kor mange personar med dagens busetnad som kan gå dit med å maksimalt gå 1 km.

Innafor tomta på Kvåle er det ei variasjon på om lag 1300 heilt i austenden, til 790 midt på dagens Kvåle fotballbane. På Foss variera det mellom om lag 2000 til 2200, og på Trudvang mellom 1600 og 2000.

Det er i tilrådinga nemnt at det kan etablerast snarvegar for å korte ned tida elevane brukar frå heime til skulen. Dette er viktig, og særleg til Campus og Kvåle er det stort behov for betre sykkeltilkomst da tilkomstane i dag i stor grad er veldig bratte byggefelta ovanfor Kvåle. Dette uavhengig av val av ny plassering av barneskule. Nye snarvegar bør ikkje vere for bratte skriv kommunen i tilrådinga, og vil difor bli lenger enn dagens etablerte, og vil truleg ikkje gi nokon verknad på gangsentralitetssanalysen.

Kommunen peikar sjølv i punkt 3 i tilrådinga på at kommunestyret har vedteke at ein skal legge til rette for at flest mogeleg skal kunne gå og sykle til skulen. Alle analyser peikar på at for å få til dette så er Fosshagen eller Trudvang dei klart beste plasseringane av ny skule. Dette sjølv utan å vurdere dei prioriterte områdeplanane i planstrategien for 2021-2024 som alle vil føre til meir bustadbygging med Trudvang og Fosshagen som nærmaste skuleplassering. Ved utbygging som føreslått i mogligheitsstudiene vil dette i stor grad forsterke plasseringa på Trudvang eller Fosshagen som klart best for å få flest mogeleg til å gå eller sykle.

Satsingsområda til Sogndal kommune i samfunnsplanen er blant anna: best på oppvekst, skapt for aktiv livsstil og fruktbare tettstader. Ein måte å oppnå måla i sammfunnsplanen er godt utarbeidde arealplanar, her er kommunen godt i gang og eg finn merkeleg det ikkje er meir fokus på å samkøyre plassering av ny skule med dette arbeidet.

Eg meina at for å utvikle Sogndal på desse områda er ei plassering av skulen på Trudvang klar det beste alternativet.

Det gir flest mogeleg elevar ein moglegheit til aktiv skuleveg.

Det gir større mangfald mot Fjøra som gir betre utvikling av ein fruktbar tettstad.

Nærheit til fleire tilgjengelege natur og kulturtilbod gir eit betre grunnlag for ei god oppvekst.

Vedlagt ligg kart med gangsentralitet, alternative skuleplasseringar og prioriterte områdeplanar for 2021-2024.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del