Miljøterapeutane ved Kvåle: Til det beste for borna å ikkje bygge stort på Kvåle
Som miljøterapeutar ved Kvåle skule ynskjer me å kome med ein kommentar til bygginga av den nye borneskulen i Sogndal- og plasseringa av denne.
Me ser store utfordringar med å skulle ha borneskuleelevar tett på ungdomsskuleelevar, og trur det beste alternativet er å ha dei to skulane plassert med god avstand til kvarandre.
Me ser nokre av desse utfordringane allereie i dag, med mellomtrinnet plassert på same skule som ungdomstrinnet. Når elevane kjem til Kvåle skule i 6.klasse er dei fortsett born. Dei er 11-12 år gamle og har fortsatt mykje glede av leik og kreativ utfalding. Dette endrar seg dessverre fort, då dei blir påverka av dei eldre elevane ved skulen. Denne påverkinga gjeld òg språkbruk, bruk av mobil, sosialt samspel med meir. Elevane blir “tvungne” til å fort bli “vaksne”.
Fleire av elevane uttrykker utryggheit når dei må omgå mykje eldre elevar og det vil vere vanskeleg å halde dei avskilt med soner eller ulike bygg. Som miljøterapeutar meiner me det bør vege tungt at elevane skal få kjenne seg trygge på skulen. Det er og viktig å tenke på skulevegen og kva konsekvensar det har å slå saman skulane.
Me har i denne prosessen sakna meir informasjon ut til elevane, og deira moglegheit til medverknad. Det kunne til dømes vore laga ei spørjeundersøking der elevane sjølv fekk uttrykke seg om kva dei tenkjer hadde vore ei god løysing, og kva som er viktig for dei i bygginga av ein ny skule.
Vårt ynskje er at borne- og ungdomsskulane ligg med god avstand frå kvarandre, det meiner me er til det beste for borna!
- Miljøterapeutane ved Kvåle skule
Del