Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Ønskjeliste for borna

Avatar: Johanne Broch Hauge
Johanne Broch Hauge

ØNSKJELISTE

Eg ønskjer at borna og ungdomane i Sogndal skal vekse opp i ei bygd som er full av ulike funksjonar, variasjonar, aktivitetar, stadar, hus, utomhus, parkar, kafear, butikkar, kulturtilbod og liv.

Eg ønskjer at borna skal oppleve kvaliteten med å gå til skulen, då blir dei kjende med ungane i nabolaget, det hoppar i snøfonna, sparkar i grusen, ser på billene og bilane, held kvarandre i handa, spring ifrå kvarandre og finn kvarandre.

Eg ønskjer at borna skal ha fridom til å utforske åleine, utforske livet, utforske bygda og forske litt på fjøresteinane før dei et is oh hoppar trampoline i sentrumsparken. Borna får fridom når dei kan gå. Born køyrer ikkje bil.

Eg ønskjer at born skal gå på ein skule der born kan vera born og utvikle seg i den farten born skal, at dei ikkje treng å skule bort på VGS og lure på kva dei skumle, store ungdomane skal.

Eg ønskjer at borna skal gå på ein skule der dei kan vera mykje ute, ute i regn, ute i sol, ute i nærleiken, ute i naturen, i huskestativet, i treet og den hemmelege plassen i skogen, og den plassen som berre akkurat deira klasse pleier å gå til. Ein plass ingen andre veit om, fordi den ligg i skogen, eller nede i fjøra, eller kanskje er det å kaste stein frå Osenbrua?

Eg ønskjer at born skal oppleve noko anna enn å vera ein del av ein campufabrikk, der dei vert putta inn i barnehagen i nordenden av campus, før dei vert sendt vidare til barneskulen. Der, og på Kvåle stadion og i Storhallen, er dei dei neste sju åra. Rullebandet går deretter vidare til ungdomsskulen. Der, og på Kvåle stadion og Storhallen, er dei dei neste tre åra. Frå ungdomsskulen er det rulleavstand til VGS. Der, og på Kvåle stadion og i Storhallen, er dei dei neste tre åra. Frå VGS til høgskulen kan dei gå innomhus. Rulletrappa tek dei tørskodde til neste nivå. Her, og på Kvåle stadion og i Storhallen, er dei dei neste tre åra. Bachelor. Og dei neste to åra. Mastergrad. Og fire år til så er PHD i boks. No er borna blitt vaksne og kan ta fatt på jobben i ei av verksemdene på campus. Her, og på Kvåle stadion og på idrettssenteret og i Storhallen er dei dei neste førti åra. Før dei tek steget vidare inn i pensjonisttilveret og deltek på eitt av høgskulen sine forskingsprosjekt på idrettssenteret, og på Kvåle stadion og i Storhallen.

Dessutan er ikkje tettstaden Sogndal større enn at me må konsentrere oss om eitt sentrum. Sentrum må ha tilbod og funksjonar som gjer at folk brukar, og må, innom sentrum til ulike tider av døgeret, ulike vekedagar, gjennom alle årstidene. På matbutikken.På apoteket. På kino. På kafe. I parken. På posten. På konsert. På skobutikken. Ein gong til på matbutikken fordi du hadde gløymt bleier, men det gjer ikkje noko, det er så raskt å sykle bortom.

Folk avlar folk og aktivitet avlar aktivitet.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del