Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Fosshaugane Campus sitt ansvar som motor i Sogn

Avatar: Heidi Kathrin Osland
Heidi Kathrin Osland

Kommunen sler fast at det kan byggast skule på alle tre tomtene. Det sentrale for meg i denne saka er at grunnskulen 1-7 skal ligge slik plassert at flest mogleg kan gå og sykle til skulen og at det vert ein god sambruk mellom skule og kulturhus, bibliotek, sentrumspark, fjordsti og SHOS, med til dømes eit felles uteområde. I Sogndal eig kommunen ei slik tomt, som både er solrik, lun og utan støy, forureining og ras/flaum. Tenk for eit privilegium! Eit anna privilegium er at elevane kan gå grunnskulen 8-10 på Fosshaugane. Det utgjer ein fin og variert skulegang.

Som næringdrivande på Fosshaugane Campus, har eg nokre andre innspel i tillegg: Fosshaugane Campus er svært viktig for vidare utvikling i Sogndal og Sogn. Som vi alle veit er Fosshaugane Campus ein viktig motor i regionen og mange har sin daglege arbeidsplass her. I Sogndal har vi lite tilgjengeleg areale, og det gjeld og på Fosshaugane Campus. Vi må bruke arealet effektivt og vi må organisere dei ulike aktivitetane på ein god måte. Vi må og setje saman funksjonar som passar i lag. Skal Fosshaugane Campus kunne utnytte sitt utviklingspotensiale på arealet som er sett av til sentrumsformål, både mot sentrum og mot dalen, vil det etter mi meining vere heilt feil å blokkere dei to delane med ein samlokalisert og stor grunnskule med klassestega 1-10 som ligg på tvers og som har behov for ei tydeleg soneinndeling mellom dei ulike stega. Etter mi meining vil det og vere langt meir framtidsretta for HVL, som tek mål av seg å bli eit universitet, å få eit større spekter av næringsliv omkring seg. Som sjølvstendig næringsdrivande ønsker eg meg og eit større spekter av ulike typer næringsverksemder, slik at det vert ein balanse mellom private og offentlege arbeidsplassar.

Til slutt, litt om fleirbrukshall: Eg trur me må attende til opphavleg forslag med ein turnhall inntil Vestland Fylke sitt anlegg. Den beste måten å få råd til ein turnhall -og å få løyst til dømes ny idrettshall på Kaupanger eller andre oppgåver i Balestrand og på Leikanger, er å legge skulen til Trudvang. Det kostar heilt klart minst og kan gjennomførast raskast. Her må vi som lokalsamfunn samarbeide og tenkjer heilskap.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del