Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Trudvang skule må bestå

Avatar: Senea Sabanovic
Senea Sabanovic

Det er synd at elevane sine behov ikkje er tatt omsyn til når ein har sett opp kriterium for utbygging av ein ny barneskule i Sogndal. Kommunen byggjer fyrst og fremst ein barneskule som er til for elevane våre. Difor burde dette vore eit punkt som burde stått høgast på prioriteringslista. Særskilt med tanke på at Sogndal skal vera best på oppvekst.

Trudvang er ein sentrumsnær skule som opplevast trygg og god for dei yngste elevane våre. Lærarane og FAU peikar på Trudvang som det beste alternativet når ein no skal byrja å planlegga ein ny skule. Dei peikar på viktigheita med å bevara sentrumsskulen og meiningane til fagfolk og foreldre bør vega tungt i ei så stor og viktig sak. Trudvang har alle dei gode kvalitetane som ein barneskule bør og skal ha slik som til dømes sentrumsnære funksjonar som Fjordstien og nærleiken til fjorden, bibliotek, turområde, kulturhuset og mykje anna. I tillegg er Trudvang med på å gjera Sogndalsfjøra til eit levande sentrum. Det er gledeleg å sjå at barn og unge nyttar Trudvang på ettermiddag og kveldstid til aktivitetar både innandørs og utandørs. Her ligg det eit endå større potensiale om ein etablera ein ny barneskule på Trudvang. Då kan ein laga ein samlingsplass for barnefamiliar med topp leikefasilitetar. Det er dette som er folkehelse i praksis.

Stitoppen er eit unikt område som byr på aktivitet, skapar nysgjerrigheit, læring, og gode skogsopplevingar for elevane. Det er eit flott område som ligg naturleg til rette for bruk av skulelevane på Trudvang. Eit slikt område som ligg så godt til rette er ikkje mange andre skular som har så lett tilgjengeleg. For å gjera det universelt utforma, kan kommunen laga ein grusveg opp utan dei store inngrepa.

Tidlegare kommunestyre har over fleire periodar kjøpt hus rundt Trudvang. Hensikten med desse huskjøpa var nettopp for å tenkja framover og for å ha nok areal til Trudvang. Desse eigedommane eig allereie Sogndal kommune, og dermed treng ein heller ikkje å oreigna eigedommar.

På folkemøte vart det sagt ifrå administrasjonen at plassering av den nye barneskulen på Kvåle ikkje er bestemt endå. Korleis kan ein då scora Kvåle området betre enn dei andre alternativa? Det er flott at folketalet er i vekst i bygda, og difor hastar det også med å bygga ein ny barneskule. Om kommunen må oreigna næringsareal og budstadareal på Ingahaugen, kor lang tid ser kommunen føre seg at ein slik prosess vil ta?
I tillegg vart det presentert at parkeringsareal og bussanlegg skulle vera ein del av pakken i området. Kva vurderinga har kommunen gjort i samband med trafikk, brannsikkerheit, forureining i forhold til dette?

Trolladalen er ein særs trafikkert veg idag og vil også vera endå meir belasta med ein eventuell ny barneskule på Kvåle. Dette er eit naturleg knytepunkt mellom Fosshaugane/Kvåle og sentrum, og er for mange ein naturleg skuleveg. Her går både høgskuleelevar, elevar ifrå vidaregåande, ungdomsskuleelevar frå før. Korleis ser kommunen føre seg å gjera eventuelt denne skulevegen tryggare for små barneskuleelevar?

Eg håpar at kommunen vel å tenkja på kva som er barna sitt beste framfor å løysa alle andre oppgåver som ikkje har noko med ein barneskule å gjera.

Med vennleg helsing
Senea Sabanovic

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del