Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Me treng sentrumsskulen

Avatar: Stian Øye
Stian Øye

1.I byggjeperioda er det trekt fram store utfordringar knytta til Trudvang skule, det er ingenting nemnt om utfordringane med bygging på Kvåle. Store mengder fjellmasse skal skytast bort og forflyttast ut frå området, kva er vurderingar med tanke på støv i samband med dette på Kvåle området så tett på eksisterande skuleområde for dei eldste elevane? Alle anlegg med sprenging og flytting av masse fører til mykje støv. Som me veit er mykje av grunnen byggjeklar på Trudvang frå før. Er det sett på moglegheiter for ein midlertidig forflytting av nokre av elevane til Kyrkjebakken barnehage i tidsrommet med bygging då denne vil vere ledig etter at Saman har bygd sin barnehage.
Det er også trekt fram at Trudvang kan vere plassering for ny barnehage i framtida, då vil vel tomta til Kyrkjebakken vere like aktuell for ein ny mogleg barnehage. Det blei trekt fram brakkerigg som eit alternativ, kan bygningsmassa der nyttast eller eventuelt ein brakkerigg kan plasserast der i byggjeperioda, kan vere ein fin overgang frå barnehage til 1.klasse.

2.Av foreldre blir felles skuleveg trekt fram som ei utfordring, kva tenker ein rundt det og burde ikkje det ha vore definert i elevane sine behov? Det er openbart ei bekymring eg meiner kommunen må ta på alvor. Elevane sine behov burde ha vore eit eige punkt i utgreiinga, det er ikkje gitt at skulen og elevane sine behov alltid er like. Foreldra og FAU burde ha vore medverkande i dette punktet, og det kunne gitt ein annan poengscore enn den som er framlagd for politisk handsaming.

3.Lengre skuleveg til Kvåle vil føre til skuleskyss for nye elevar, spesielt vil det bli utfordrande med tanke på elevane i 1.klasse som skal ha skuleskyss når dei har lengre veg enn 2km. Dette vil føre til at elevar på Navarsetområdet vil få gratis skuleskyss. Er desse vegane dimensjonerte for buss? Kva vil evt kostnadar vere med å dimensjonere desse vegane for tilpassing til busstopp, snuplass?

4.Det blir sagt at skuleområdet på Kvåle kan tilpassast. Kvar er skuleområde på Kvåle? Sovidt eg kan sjå så er det i hovudsak det området som er Kvåle Stadion som er tenkt som skuleområde. Er det det av erstatningsareal for eit nytt framtidig friidrettsanlegg?

5.Det er knytta stor usikkerheit til løysinga med parkeringsanlegg og finansiering av dette. Kan kommunen risikera og stå igjen med ei stor ekstrarekning? Kommunen er gjeldstyngda frå før og legg opp til stor auke i låneopptak med ei stigande rente, mykje av renteeffekten i økonomiplanen kjem fyrst ut i 2027, det er såleis ikkje dekning for dei investeringane det er lagt opp til, og nye store driftskutt må gjerast etter den komande økonomiplanperioda, har kommunen råd til å drift og utbygging av heile skulen på ein gang på Kvåle?

6.Administrasjonen legg opp til at området på Trudvang kan delast mellom fleire, til dømes eldreomsorg og barnhage. Kommunen har allereie ein barnehage i kommunalregi under avvikling, korleis er det tenkt at ein skal opne ein ny? Skal den vere i privat regi? Pleie og omsorg er av dei sektorane som kjem dårlegast ut i dagens økonomiplan periode. Korleis er det tenkt at ein skal finansiere drifta av ei storstilt utbygging når ein har tenkt og gjennomføre store kutt? Og auka lånegjeld gir enda nye kutt. Eg er redd ein stor del av området kjem til å kome på private hender grunna kommuneøkonomi og finansiering av ny skule på Kvåle og andre prosjekt.

7.Våren 2019 blei det vedteke ein ny områderegulering på Fosshaugane, der blei det etter framlegg frå Høgre gjort om på administrasjonen si tilråding slik at Ingahaugen framleis skulle vere bustad og næring som i dag. Korleis kan kommunen handheve endringar i framtidige områdereguleringsplanar når ein gjer så store endringar for seg sjølv? Blir dette behandla som ein dispensasjonssak, eller må er det så stor endring at ein må revidere heile områdereguleringsplanen med den tid det tek i form av høyring og demokratiske prosessar. Dette skapar veldig lite forutsigbarheit for både hushaldningar og næringsliv dersom ein kan gjere om på planar kort tid etter vedtak, noko som vil skape presedens og legge til rette for at også private utbyggarar bør kunne få gjort om planane. Korleis tenker kommunen dette som planmyndigheit?

8.Kommunaleplanleggjarar har signalisert at det ikkje skal byggast fleire einebustadar i nærleiken til sentrum. Me veit at det allerie er mangel på einebustadar, då vil det vere veldig synd for framtidig folketallsauke ,og utvikling av bygda at det blir bygd ned eit eksisterande område med einebustadar som Ingahaugen, bustadanane ved Trudvang er gjennomgangsbustadar

9. Eg vil sterkt tilrå at skulen fortsatt skal ligge på Trudvang, me treng liv i eit sentrum som er i ferd med å misse livsgnisten, og elevane treng sentrumsfunksjonane rundt kulturhuset, fjordstien, sentrumsparken og badelagune. Klimaet i sentrum er også vesentleg betre enn på Ingahaugen med mange fleire soldagar i skuleåret og der det ikkje er dalatrekk.

-Stian Øye

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del