Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Høyringsuttale frå Utdanningsforbundet ved Trudvang skule

Avatar: Guest-10738590
Guest-10738590

Høyringsuttale til plassering av 1.-7. skule i Sogndal

Tid:
Norconsult sin skulebruksrapport frå 2021 viser til full kapasitet på Trudvang i perioden 2025-2029. Går ein inn i modellen deira, ser ein at me er i raud sone allereie. Ein kan til og med argumentera for at kapasiteten for lengst er sprengd, sidan 6. og 7. trinn er flytte opp til ungdomsskulen. Me er usamde i vektinga av tidsbruk til 1% av totalen og er skeptiske til vurderinga om at alternativa på Kvåle og Trudvang er like i tid. På Trudvang eig ein mesteparten av grunnen, kjenner grunnforholda og området er hovudsakleg regulert til skulebruk. På Kvåle skal ein oreigna ei heil grend, snu Kvåle stadion, omregulera og byggja nye vegar, samt få Fylkeskommunen med på å dela rekninga for gildet. Det er allereie trongt på Trudvang. Den nye standarden er at tre trinn går ut og fire trinn kjem inn kvart år. Me er avhengige av å få på plass ny skule så fort som råd, og trur at ei utbygging i sentrum både er mest forutsigbart og tidseffektivt.

Fagfornyinga:
I læreplanane til mange fag på ulike trinn finn ein kompetansemål som nemner bruk av nærmiljøet. Det er uforståeleg for oss at administrasjonen lagar eit eige punkt om «bygg som møter krava i fagfornyinga», men ikkje drøftar korleis fagfornyinga oppfordrar til aktiv bruk av nærmiljøet utanfor skulen. Ein skule på Trudvang har tilgang til eit rikt nærmiljø, med kulturhus, bibliotek, fjord og fjordsti, sentrumspark, Røvhaugane og friområdet ved gamma. Dette er stadar og funksjonar som er innarbeidde som ein naturleg del av Trudvang skule, og som bidreg til varierte læringsarenaar for elevane våre. Alt dette ligg i eit nærområde som sjølv dei minste elevane når i kvardagen. Dersom skulen vert lagt på Kvåle må mange, om ikkje alle, desse læringsarenaane erstattast for dei minste. Me meiner det vert vanskeleg å finna fullgode erstatningar for alle desse og ser på Kvåle som langt dårlegare i lys av fagfornyinga enn kva Trudvang er. Sjølve bygget kan ein gjera kva ein vil med og det er opplagt at ein ikkje berre byggjer små klasserom med 28 pultar, men fagfornyinga rommar så mykje meir enn berre skulebygget.

Sambruk, kapasitet og tryggleik:
Det vil vera mogleg å finna læringsarenaer utanfor skulen i Kvåle-området, men då kjem spørsmåla om sambruk og kapasitet fram. Erfaringane våre frå uteskule under koronapandemien er at områda me nyttar ikkje blir brukt i særleg grad av ungdomsskule, vidaregåande eller høgskule. Dette me meiner me er eit underkommunisert poeng rundt sambruk med andre utdanningsinstitusjonar. For ein barneskule er det eit gode å ha eigne område. Dette handlar om tryggleiken og trivselen til dei minste borna, og ikkje minst dei tilsette si oversikt over eigne elevar. Ei plassering på Kvåle betyr at 4000-5000 born, ungdomar og studentar skal dela eit nærmiljø. Det høyrest trongt og uoversiktleg ut, og me trur ikkje det er til elevane sitt beste, verken dei store eller dei små. Det bidreg også til at pedagogane mistar fleksibilitet i kvardagen, sidan ein blir avhengig av så mange andre aktørar for å kunna ta i bruk områda rundt skulen. Me har sendt inn desse vurderingane tidlegare i prosessen, men opplever at kommuneadministrasjonen ikkje tek dei på alvor og heller viser til at alt kan løysast gjennom ei soneinndeling.

Dei same argumenta kan ein presentera for sambruk av idrettsanlegg. Ein barneskule er avhengig av gymsalar i nærleiken. Det same gjeld SFO, sjølv om dei ikkje er nemnde i saksframlegget. På ein 1-7 skule med 28 klassar vil ein vera avhengig av minst to flater til kroppsøving kvar skuletime gjennom veka. Me stiller oss undrande til om det er til det beste for borna at desse flatene, med tilhøyrande garderobar, skal sambrukast med ungdomsskule og andre i campusområdet.

Drift i anleggsperioden:
Me veit at anleggsperioden vil bli utfordrande. Tungtrafikk, anleggsmaskiner og støy vil påverka kvardagen i dei få åra det tek å bygge skulen. Likevel må me, som kommuneadministrasjonen har lagt slik vekt på, sjå det store biletet og eit 60-årsperspektiv. Då er 2-3 år med støy og avgrensa uteområde ein liten pris å betala for å halda på den beste skuleplasseringa. Lærarar er fleksible og løysingsorienterte, og me er innstilte på å få dette til. HRP seier i moglegheitsstudien at “ein anleggsperiode vil kunne løysast på ein trygg og god måte ved god planlegging”.
Dersom skulen vert bygt på Kvåle, merkar me lite av det i byggeperioden. Men i campusområdet må ein hugsa på korleis dei framtidige utbyggingsplanane ser ut. I ei NRK-sak frå 2016 spekulerer ein i at bygningsmassen kan vera dobbelt så stor om 30 år. Dette er sjølvsagt òg utbyggingar som vil påverka skuledagen, nærmiljøet og skulevegen til elevane våre.

Klubben ved Trudvang skule
v/Joar Bøthun Liøen
Plasstillitsvald for Utdanningsforbundet

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del