Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Utbetre Trolladalen for mjuke trafikantar

Avatar: Iren Meisterplass
Iren Meisterplass

I Sogndal kommune sitt saksframlegg til plassering skule står ein føresetnad for å legge barneskulen på Kvåle er at trafikk skal fjernast frå Trolladalen slik at denne vegen berre vert tilkomst til eigedomar og varelevering.

Kunnskapsgrunnlaget mitt i høve vurderingane i dette dokumentet er at eg er vegplanleggar med 25 års erfaring frå Statens vegvesen og 10 år i private rådgivingsfirma.

Dette innspelet er i høve tilgjengeleg areal langs eksisterande veg og kva løysingar som må til for at vegen i Trolladalen skal bli ein trygg skuleveg med liten biltrafikk.

Basert på kjennskap til vegen og sideterrenget er det mi vurdering av det ikkje er mogeleg å bygge vegen gjennom Trolladalen om til 1-felts veg med gode løysingar for mjuke trafikantar utan at det må gjerast inngrep inn på eigedomar til naboar langs store deler av vegen.

-Ein-felts veg skal vere 4,0 meter breitt. Det skal vere møteplassar med maks avstand 250 meter. Der det er dårleg sikt skal møteplassane ligge så tett at det er sikt mellom dei.

Med den trafikken av mjuke trafikantar i Trolladalen bør fortauet vere minst 3,5 meter breitt.

Sykkelfelt i begge retningar bør vere einsidig og minst 1,8 meter breitt.

Møteplass bør ligge på andre sida av vegen enn sykkelfeltet slik at det ikkje vert konfliktar mellom syklande og køyrande

På skissa i vedlagde dokument er det gjort ei svært enkel skissering av minimum løysing opp Trolladalen med 1-felts ved med møteplassar, einsidig sykkelfelt og fortau. Skissa viser kor nær vegareala kjem fleire bygningar på eigedomane langs vegen.

Vurderingane er at ei slik løysing er det ikkje plass til på tilgjengeleg vegareal.

Det som ikkje kjem fram på skissa er at terrenget er sidebratt, inkludert ein del murar. Inngrep ut over tilgjengeleg vegareal vil difor vere krevjande og krevje ein del tiltak inn på private eigedomar.

Sjå også vedlagde dokument med skisse

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del