Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Innspel frå Vegard Vereide – Guridalsbygget som avlastningsskule

Avatar: Vegard Vereide
Vegard Vereide

Mitt innspel går på å vurdere Guridalsbygget, også kjent som «gamle lærarskulen», i Guridalen som ein avlastingsskule for nokre skuleklassar i ein eventuell byggeperiode for nye Trudvang skule.

I debatten kring byggeperioden til nye Trudvang skule saknar eg at ein ser på dei trygge moglegheitene som er i nærområde til Trudvang. Guridalsbygget er eigd av Statsbygg, det er ikkje lenger nytta av HVL, og står i dag tomt.

Guridalsbygget har sju klasserom, audiotorium, fleire grupperom, kontordel for lærarar, stort pauserom for personale og eit mindre rom som kan nyttast til dømes til dans, drama og musikk. Det er eit parkeringsområde utanfor som kan til dømes nyttast til av og på stignings område for dei som trenger skyss til døra. Det er universell utforming på inngangen med meir og ein har alt ein treng på eit plan.

Det er også eit trygt lite uteområde til Guridalsbygget som enkelt kan oppgraderast midlertidig til eit egna uteområde for elevane. Det er også ubygd tomt rett ved sida av bygget som eventuelt kan leigast som tilleggsområde ute ved behov. Guridalsbygget med uteområdet kan enkelt tilpassast ein midlertidige barneskule med eit skjerma uteområde for nokre skuleklassar medan byggefasen pågår på Trudvang.

Planar for bygget i framtida.
Eigaren Statsbygg har ingen planar for bygget i nærmaste framtid. Dei ønskjer å behalde bygget i sin portefølje då dei ser for seg at HVL vil vidareutvikle seg, og etter kvart kan ha behov for meir areal. Statsbygg leiger primært ut til Staten, men eg trur ikkje at utleige til ein kommunal midletidleg barneskule skal komme i konflikt med deira kjerneaktivitet.
Saman har ingen planar knytt til Guridalsbygget då dei flytta deira planar til ombygging av Studentheimen.

Eg vil utfordre Sogndal kommune saman med Trudvang skule til å sjå på moglegheitene som Guridalsbygget og nærliggande område har som ein midelegtidig barneskule for nokre skuleklassar mens nye Trudvang skule blir bygd. Dette vil lette på kapasiteten på Trudvang i byggefasen.

Med venleg helsing Vegard Vereide

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del