Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Innspel frå Trudvang FAU

Avatar: Jorunn-Elisabeth Stavø
Jorunn-Elisabeth Stavø

FAU-Trudvang er nøgde med at Sogndal kommune har tatt seg tid til å greie ut fleire ulike plasseringar av ny 1-7 skule i sentrum. Dette var noko FAU etterspurde for å få fram grundige vurderingar og eit godt beslutningsgrunnlag for politikarane.

Me meiner Sogndal kommune var på god veg til å få eit godt beslutningsgrunnlag ved å bestille konsulent til å utarbeide moglegheitsstudie for Kvåle, Fosshagen og Trudvang, men at detaljnivået dessverre ikkje svarte til forventningane. I ettertid har administrasjonen lagt ned ein god del arbeid i å framskaffe meir detaljar om dei tre stadane.
Både Moglegheitsstudiet frå HRP og saksframlegget viser no at det mogleg å etablere ein god 1-7 skule på alle dei tre stadane som er utgreidde.

For å vurdere dei tre alternativa opp mot kvarandre har administrasjonen etablert ein metode med 8 kriteriesett. Me meiner metoden er lite objektiv, og at mange vurderingar og slutningar er trekt med lite fagleg grunngjeving. Kriteria er mangelfulle, og lite logisk bygd opp. Nokre forhold (som t.d. basis og fleirbrukshall) vert vekta fleire gonger, og viktige kriterium knytt til å etablere ein skule som er til beste for elevane druknar i ytre tilhøve. Me meiner metoden krev langt meir detaljar kring alternativa enn det som føreligg no. Vi undrast difor på kvifor administrasjonen ikkje har tatt seg bedre tid til å inkludere tema i moglegheitsstudiet som vart gjennomført av HRP til eit slikt detaljeringsnivå som metoden ein no har nytta til rangering krev. Det er tidlegare gitt inntrykk av at ein ikkje har tid til dette, men i saksframlegget er tid vekta med 1 %. Då bør ein ta seg god nok tid til å framskaffe eit betre kunnskapsgrunnlag for ei så viktig avgjersle for bygda.

FAU bad om å bli involvert tidleg i prosessen med utgreiing av plassering, og dette vart det gitt lovnadar om frå administrasjonen. Dette har me ikkje blitt, og kan heller ikkje sjå at våre innspel, FAU-Kvåle sine innspel eller lærarane sine innspel er tatt med i administrasjonen si tilråding.

Kort oppsummering av FAU sine viktigaste merknadar til saksframlegget: (Meir detaljert innspel ligg i vedlagt dokument)

Generelt
- Det bør komme tydelegare fram kva kriterium som er direkte knytt til elevane sin kvardag. Slik kriteria er systematisert no er dette vanskeleg å få oversikt over, då dette er blanda saman med byggtekniske tilhøve, og kva som er «andre verknadar» av lokaliseringa.
- Me saknar tydelege mål på kva prosjektet skal løyse. Kva er hovudmåla, og kva gir best måloppnåing?
- Det er lagt for stor vekt på skuledrift i anleggstida. Dette er svært viktig å løyse, men det vert feil å vekte ein situasjon som varer nokre få år saman med kriterium som skildrar den ferdige skulen i eit 50-60 års perspektiv.

Økonomi
- På grunn av den store uvissa i tala som vert nytta bør alle tre alternativa vektast likt på økonomi. Tilrådinga gir eit uriktig bilete når kommunen har gitt heilt ulike karakterar til dei tre alternativa. Dette får stor konsekvens for den samla vurderinga, sidan investeringskostnad har ei vekt på 30%.

Skulen sine behov
- FAU meiner at elevane sine behov har fått alt for lite vekt i saksframlegget. I det arbeidet meiner FAU at det er naturleg og nødvendig å lytte til lærarane si relevante erfaring og kompetanse.
- FAU meiner det er viktig å ta omsyn til elevane og dei pedagogiske behova i vurderinga av kor eigna dei ulike tomtene er i forhold til uteområdet, og behov for geografisk avstand i dei ulike fasane i oppveksten.
- FAU oppmodar Sogndal kommune til å på nytt vurdere kriteriesettet.

Trafikk
- FAU oppmodar Sogndal kommune til å vektlegge at flest mogleg får ein aktiv reiseveg til/frå skulen. Dette er lite tatt omsyn til.
- Det føreligg ikkje detaljar nok rundt trafikale løysingar til å skilje det tre alternativa så tydeleg som saksframstillinga har gjort.

Basis og fleirbrukshall
- FAU meiner at basis og fleirbrukshall bør sjåast på uavhengig av lokalisering av skule.
- Dersom det skal vere med i den samla vurderinga bør ein kartlegge behova for areal til organisert og uorganisert aktivitet i kommunen betre enn det som ligg til grunn her.

Stadutvikling
- FAU meiner nærleik til andre tilbod som vert nytta i skuletida (m.a. kulturarrangement, bibliotek, fjordstien, røvhaugane, sjøkanten) bør få høgare vekt, og at dette høyrer heime saman med skulen sine behov.
- FAU meiner at “Stadutvikling” bør belysast breiare og gjenspegle kommunen sine overordna dokument og planar.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del