Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Trudvang skule treng Fjøra og Fjøra treng Trudvang skule

Avatar: Kari Hellevang
Kari Hellevang

1) Det er lærarane som sit på fagkompetanse og erfaring, og det er lærarane som skal manøvrere i det skulelandskapet kommunen riggar. Det er to ufråvikeleg gode grunnar til å vere audmjuke og lydhøre ovanfor pedagogane og FAU sine innspel
2) Kunnskapsbygda vår er velsigna med mange sterke fagmiljø, ikkje minst innan arkitektur. Når plassering av skule i så stor grad handlar om bygg, bør innspela frå arkitektane også nyttast som kunnskapsgrunnlag
3) Overgangar viser til samarbeid og samanheng, ikkje samlokalisering. Alt på ein campus er attraktivt for studentar, men ikkje nødvendigvis for born (jf. argumenta om utfordringar ved soneinndeling vs. sambruk, tryggleik, modningsprosessar ved miljøskifte). Lat dei få vere born og utfolde seg, leike og lære i eit roleg og trygt miljø tilpassa deira behov og utviklingsnivå
4) Skulen tener på tette band til idrett og friluftsliv, men utfolding i frileik og utforsking av nærmiljø og natur er minst like viktig for dei yngste som tilgang på baner og hallar. Nærleiken til dei mange alternative uteklasseromma er av dei viktigaste kvalitetane til barneskulen i Sogndal
5) Samarbeid med kulturhus, bibliotek og SHOS gjev læreplanfesta viktig og variert innhald i skulekvardagen. Gjennom samfunnsplanen ynskjer også kommunen å tilrettelegge for godt samarbeid mellom kultur og skule. Ettersom kulturen ikkje står like sterkt i bygda som idretten, blir geografisk nærleik difor ekstra viktig for å oppretthalde samarbeid mellom institusjonane og bruken av kulturtilbodet
6) Små forhold/ einingar, korte avstandar og nærleik til natur er viktige trekkplaster for tilflyttarar. Storskule er truleg noko mange ynskjer å flytte ifrå. Tilflytting bør ikkje takast for gitt - hald på bygdekvalitetane
7) Konsentrering av idrettsinstallasjonar, grøntareal og møteplassar er svært uheldig. Tilgjengelegheit er eit viktig folkehelseprinsipp. Å bygge skule på Trudvang betyr samtidig å legge til rette for fysisk aktivitet, møteplassar, fellesskap, integrering og gode bumiljø - også i Fjøra. Det er gode førebyggande tiltak som rettar seg mot både fysisk og psykisk helse. Å halde på barneskule i Fjøra blir ekstra viktig sett i lys av den negative trenden med stengde dører sentrum, og gjev større likevekt i samfunnsutviklinga i bygda
8) Unngå ekspropriering når der finnast andre alternativ
9) Usikre tider set større krav til pålitelege budsjett
10) Plassering på Trudvang er den beste konsekvensetiske løysinga; maksimering av nytte og minimering av ulemper.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del