Ny barneskule i Sogndal
Innspelsprosess for ny barneskule i Sogndal sentrum
Ny barneskule i Sogndal
Eg lurer på kvifor det ikkje er vurdert ei løysing med 1-4 klasse i Trudvang, og eit bygg for mellomtrinnet 5.-7 klasse som nybygg på Kvåle. Dette er ei naturleg deling mange stader i landet. Dersom det skal byggjast ny barnehage i sentrum, ville det vere plass til denne på Trudvang i tillegg til småskulen. Ein ville og kunne nytte dei eksisterande bygningane på Trudvang, noko som er viktig, ikkje minst i eit miljøperspektiv. På den andre sida vert arealbehovet på Kvåle mindre. Desse klassetrinna vil få ein betre tilgang til fasilitetane på Kvåle, som sømjehall og idtrettsarenaer. Trafikksituasjonen i Trolladalen er alt i dag meir enn sprengt morgon og ettermiddag, så ein tilkomst via Ingafossen bør bli oppgradert så raskt som muleg. Dette vil gjere skulevegen betre og meir sikker for alle.
Report inappropriate content
Is this content inappropriate?
0 comments
Add your comment
Sign in with your account or sign up to add your comment.
Loading comments ...