Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Eg sler eit slag for Trudvang

Avatar: Vidar Vadseth
Vidar Vadseth

Eg vil gjerne slå eit slag for Trudvang so plassering for ny barneskule.

1. Trudvang har den beste geografiske plasseringa for dei fleste innbyggarane i bygda og favnar om ein mykje større del av bueiningane enn alternativet Ingahaugen innanfor 10-minuttars grensa. Trudvang har nærleik til områder so blir nytta mykje i undervisinga i dag. Mellom anna Røvhaugane, Haugen, Biblioteket/Sogndal Kulturhus og Fjordstien. Det blir for langt for dei minste å gå frå Ingahaugen til desse fasilitetane.

2. Eg høyrer argumentet at ein treng arealet til Trudvang til omsorgsbustader når eldrebølgja sler inn for fullt. I desse tider er det eit ønskje frå sentralt hald at dei eldre skal bu lengst mogleg heime so godt det let seg gjera. Her har ein moglegheit til også å utvida heimehjelpetenesta.

3. Me i Sogndal er opptekne av eit levande sentrum. Trudvang Skule er absolutt med å bidra til dette.

4. Lærarar og ansatte ved både Trudvang og Kvåle, samt begge FAU-gruppene ved begge skular peikar på Trudvang so det beste alternativet. Me skal lytta til dei so har det so arbeidsplass, og me skal samstundes lytta til dei når dei seier at det skal gå fint å driva skule under byggeperioden.

5. Det er skuffande å sjå at ungane sitt behov ikkje er med i saksutgreiinga.

6. Absolutt siste utveg for å få bygd ny barneskule er å ta heimane til folk. I tilfellet Ingahaugen so ryk det med ein del heimar til folk so har hatt tilhald der i generasjonar. Eg kjem til å skamma meg over kommunen viss ein tek heimane til folk ved Ingahaugen-alternativet.

Og so håpar eg politikarane tenkjer seg nøye om når dei får saka på bordet. Til det beste for bygda.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del