Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Fagfornyinga og skulebygg

Avatar: Joakim Ryland Steinholm
Joakim Ryland Steinholm

Kommunen har gitt både Kvåle og Fosshagen karakter 6, medan Trudvang får karakteren 5 når det gjeld «Bygg som møter krava til fagfornyinga» Dette er kanskje ikkje ein stor forskjell, men det ligger i det ein innrømmelse at lokasjon Trudvang ikkje kan oppfylle krava til fagfornying like godt som ein ny skule på Kvåle/Fosshagen vil. Dette er for meg, som pedagog som har undervist i tråd med LK20 sidan den blei innført, komplett uforståeleg. Eg er veldig nyskjerrig på nøyaktig kva det er ved Trudvang som lokasjon som gjer den mindre egna, evt. kva som gjer dei to andre betre.
LK20 har oppdatert ein del innhald i dei forskjellige faga. Per i dag kan vi undervise i alle relevante fag i tråd med fagfornyinga. Ikkje forstår eg korleis eit nytt skulebygg skal hjelpe til med dette. Uansett kvar ein plasserar skulen vil ein vere avhengi av fleire flater for kroppsøving. Det einaste Trudvang ikkje kan stille med, er eit tilpassa lokale til symjing for 2.trinn, men dette gjelder like mykje dei to andre lokasjonane.
https://www.udir.no/lk20/kro01-05/kompetansemaal-og-vurdering/kv182
LK20 legg vekt på dybdelæring, at elevane skal forstå at det er samanhengar mellom fag og fagområder. Ikkje forstår eg korleis eit nytt skulebygg skal hjelpe til med dette.
https://www.udir.no/laring-og-trivsel/dybdelaring/
LK20 legg vekt på folkehelse og livsmeistring. Ikkje forstår eg korleis eit nytt skulebygg skal gje elevane bedre kompetanse i god psykisk og fysisk helse.
https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/tverrfaglige-temaer/folkehelse-og-livsmestring/?lang=nno
LK20 legg vekt på medborgarskap og demokrati. Ikkje forstår eg korleis eit nytt skulebygg skal gje elevane eit betre kunnskap om demokratiet vårt, gjere dei i stand til å vere med i demokratiske prosessar og få betre forståelse for menneskerettar.
https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/tverrfaglige-temaer/demokrati-og-medborgerskap/?lang=nno
LK20 legg vekt på berekraft og utvikling. Ikkje forstår eg korleis eit nytt skulebygg skal gje elevane eit betre utgangspunkt for å ta vare på klimaet, ta val som er berekraftige, forstå konsekvensar av samfunnets ressursbruk og korleis teknologi påverkar oss.
https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/tverrfaglige-temaer/2.5.3-barekraftig-utvikling/?lang=nno

Eg meina at kommunen har bomma totalt med fokuset sitt på fagfornyinga. Ny fleirbrukshall, nytt skulebygg og nytt uteområde har ikkje noko å sei til eller frå for oss som skal undervise i tråd med LK20. Per i dag driver me undervising i tråd med LK20 utan problem. Dersom dei skal leggje vekt på noko kan dei gjerne lese seg opp på kva kunnskapsløftet faktisk legg vekt på.
Skulen skal leggje opp til at elevane blir meir miljøbevisste og har respekt for naturen. Trudvang har per i dag eit godt etabler utvida uteområde, med lokasjonar som Gamma, Røvhaugane, Fjordstien og parken i sentrum lett tilgjengeleg rundt seg. Flytter ein skulen til Kvåle, tek ein vekk den nærleiken for dei minste elevane til fleire av stadane. Under koronapandemien merka me spesielt kor viktig det var for oss å ha eit stort utvida uteområde som me ikkje trengte å konkurrere med andre om. Dette burde vere vektlagt mykje meir enn det er gjort i tilrådinga per i dag.
https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.5-respekt-for-naturen-og-miljobevissthet/?lang=nno

Eg kan forstå om kommunen argumentera for at alle tre lokasjonane kan løyse LK20 på ein like god måte. Og eg kan forstått det dersom me som jobbar i skulen har meldt inn at det er store manglar ved skulebygget på Trudvang som gjer at me ikkje kan undervise i tråd med LK20. Men det er so vidt eg veit ikkje slik, og då er det veldig merkeleg at kommunen trekker inn fagfornyinga som eit argument for Fosshagen og Kvåle. Skal tilrådinga kommunen har laga vere rettferdig, må dei utvide vekklegginga om fagfornyinga til å ikkje berre å dekke skulebygget, men også korleis skulen som heiltheit kan arbeide i tråd med fagfornyinga.

Oppsummert: Det er ingenting i fagfornyinga som gjev eit nytt skulebygg på Kvåle eller i Fosshagen noko fordel over Trudvang. Skal ein først snakke om fagfornyinga, må ein nemne at Trudvang er i stand til å løyse den på ein like god eller bedre måte enn dei andre alternativa, med tanke på nærleik til både lokalmiljøet og naturen.

Joakim Ryland Steinholm
Lærar ved Trudvang skule

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share