Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Høyringsinnspel til ny barneskule i Sogndal sentrum

Avatar: Tom Wergeland
Tom Wergeland

Me viser til saksframlegget 2022/610-18 framlagt av kommunen den 09.02.2023 der ein konkluderer med at Kvåle-alternativet “samla sett svarar godt på mange av dei samfunnsutfordringane som kjem dei neste 50-60 åra, og frå ei samla vurdering vert alternativet vurdert som det klart beste.” Framlegget vart presentert på folkemøte sju dagar seinare med høve til å kome med innspel og stille spørsmål frå salen.

Me ønskjer med dette høyringsinnspelet å stille spørsmål ved kvalitet, grundigheit og argumentasjonen i saksframlegget. Kommunen har ansvar for å utarbeide fagleg forankra, etterrettelege saksframlegg, i tråd med samfunnsplanen og i samsvar med norsk lovverk, rikspolitiske retningslinjer osb. Sogndal kommune har fått utarbeida ein moglegheitsstudie utført av HRP der dei ser på tre ulike alternativ. Studien viser moglegheiter og utfordringar for ein ny barneskule med tilhøyrande anlegg og funksjonar, men den skulle ikkje konkludere eller kome med konkrete råd om plassering. Tilrådinga me finn i saksframlegget til plassering av ny barneskule skil seg monaleg frå Kvåle-alternativet som er utgreidd i moglegheitsstudien (sjå kartutsnitt). Me finn heller ikkje at kommunen i saksframlegget har utgreidd det tilrådde alternativet for relevante faglege problemstillingar. Altså er me av den oppfatning at det tilrådde Kvåle-alternativet ikkje er godt nok utgreidd.

Me meiner at saksframlegget til kommunen er svært tynt, og det overraskar oss at ein ikkje har inkludert ein grundigare fagleg og erfaringsbasert gjennomgang i dei ulike delane av framlegget. Å bygge ein barneskule er ei stor investering som vil få konsekvensar for andre planlagde investeringar i Sogndal kommune. Dette krev at kommunen gjer eit koordinert og grundig saksførebuande arbeid. Det kjem ikkje fram i saksframlegget at den jobben er gjort. I saksframlegget er føremon og ulemper for tre ulike alternativa lagt fram i form av ein tabell med vekting ut frå ei rekkje vurderingskriterium og skår frå 1-6. Det vert forklart at denne metodikken vert brukt for å få ei mest mogleg objektiv framstilling. Me vurderer metodikken til å vera lite objektiv og den gjev eit misvisande vurderingsgrunnlag.

Me er opptekne av at saksgrunnlaget skal vere fagleg grunngjeve og har difor sett saman ei gruppe med kompetanse innan pedagogikk, økonomi, landskapsarkitektur, vegplanlegging, bygg, teknisk infrastruktur, anlegg, arealplanlegging, arkitektur, geologi, samfunnsvitskap, psykisk helse, fysisk aktivitet og folkehelse i arbeidet med dette høyringsinnspelet.

Me meiner kommunen i saksframlegget har blanda saman for mykje inn i rangeringa, at einskilde tema blir vekta fleire gonger og at andre tema manglar. Dei viktigaste kriteria druknar også i vektinga av mindre viktige tema. Me har difor utarbeida eit høyringsinnspel der me deler dei ulike kriteria inn i; 1) barna sitt beste, 2) andre tilhøve knytt til skuleutbygginga og 3) andre verknader. For kvart kriterium seier me noko om kva samfunnsplanen, rammeverket, lover, standardar, rettleiarar osv. legg som føringar. Eit slikt grunnlag meiner me er mangelfullt i kommunen sitt saksframlegg. Vidare gjev me ei generell vurdering før me vurderer dei to plasseringsalternativa, Trudvang og Kvåle, kvar for seg. I staden for å kaste terning (1-6) har me valt å vurdere kriteria som grønt (godt), gult (verken eller) og raudt (dårleg).

Sjå heile høyringsinnspelet som er vedlagt.

Vår faglege vurdering av plassering av ny barneskule i Sogndal sentrum er følgjande:

Trudvang: 27 grøn, 1 gul, 1 raud

Kvåle: 5 grøn, 15 gul, 9 raud

Etter ei samla vurdering meiner me difor at Trudvang-alternativet er det beste alternativet, både for barna sitt beste, for andre tilhøve knytt til skuleutbygginga og når ein ser på plassering av barneskulen i eit større perspektiv. Sentrale stikkord er økonomi, framdrift, nærleik til andre viktige målepunkt, avstand til skulen for flest mogleg og staden/bygda sine kvalitetar.

Arbeidet vårt er ikkje uttømmande, og det vil kunne vere nyansar som ikkje er fanga opp. Likevel har ein gjennom tverrfaglege drøftingar gjort eit arbeid på eit nivå der me meiner det er fagleg forsvarleg å konkludere med ei klar tilråding for Trudvang skule. Trudvang er eit trygt val med omsyn til økonomi, framdrift og berekraft, noko som også er viktig for andre planlagde investeringar i Sogndal kommune i åra framover.

Venleg helsing

Lise Fadnes, Johanne Broch Hauge, Kari Hellevang, Tone Kvåle, Kari Holen Loftesnes, Iren Meisterplass, Heidi Kathrin Osland, Eirik Rygg, Ane K. Solbraa, Joakim Steinholm, Christina Skancke Sørheim, Tom Wergeland, Eyvind Øgar, Silje Aaberge Aalbu, Jan Helge Aalbu og Ingrid Buvarp Aardal

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share