Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Score på Eple, Pære og Appelsin – Pære er best i test (uansett?)

Avatar: Erik Kyrkjebø
Erik Kyrkjebø

Saksframlegget til plassering av ny barneskule i Sogndal som ligg føre som utkast for høyring er ikkje godt nok som underlag for politisk handsaming. Eg vil gjerne peike på følgjande moment som bør utgreiast eller endrast i saksframlegget.

1. I ei slik viktig sak bør kommunen hente inn eksterne til å gjere konsekvensutgreiinga av dei tre alternativa. Dette vil gje større tillit til vurderingane som er gjort, og gje betre kvalitetssikring av tala som er brukt - noko det klart kom fram behov for på folkemøtet 15. februar.

2. Som vedlegg til saksframlegget, og i framkant av den politiske handsaminga, bør kommunen også legge ved dei relevante faglege utgreiingane som er gjort av kommunen i eigne faglege einingar for å gje eit betre underlag for saksframlegget. Fleire i kommunen uttrykker frustrasjon over at deira faglege innspel blir ignorerte i prosessen

3. For alternativet Kvåle bør kommunen grunngje betre den føreslegne plasseringa, og kvifor det er betre å ta eksisterande bueiningar enn å ta ubygd jordbruksareal som i løpet av 60-års perioden sannsynlegvis blir teke uansett.

4. For alternativet Trudvang bør kommunen grunngje betre korleis ein skal hente inntekter frå tomta dersom den likevel skal nyttast til kommunale eldrebustader, fritidsareal, møteplassar og ny barnehage. Kommunen bør slå klart fast at det er ikkje vil vere aktuelt at Trudvang-tomta blir seld til kommersielle næringsinteresser for t.d.. utviding av kjøpesenter eller andre næringsutbyggingar.

5. I alle alternativa legg kommunen til grunn eit 60-års perspektiv på ny barneskule. I alternativet Trudvang vert ulempa i byggeperioden for drift av skule og trygg skuleveg vektlagt som om dette har konsekvens for heile perioden. Dette er kun ein mellombels ulempe i nokre år, og bør difor vektast mykje lågare i vurderingane sett i høve heile bruksperioden for skulen.

6. Borna sitt best bør vektast høgt i konsekvensutgreiinga. Skulen sine behov listar nokre viktige kvalitetar, men borna sine behov for ein mobbefri skuleveg, for naturlege miljøskifte i løpet av ti-tretten års skulegang, for den beste klimatiske plasseringa, for å leve under så liten risiko for naturfare som mogleg, etc. er lite vektlagt. Dette bør inn som eit hovudkriterium i saksutgreiinga.

7. Den økonomiske ramma bør kvalitetssikrast av eksterne før politisk handsaming for å unngå feil i saksframstillinga, og at politisk handsaming skjer på feil grunnlag med store konsekvensar for framtidige moglegheiter for kommunen.

8. Sjølv om ny skule bør sjåast i eit større samfunnsperspektiv kan ikkje den nye skulen og borna utelukkande vere taparen i ynskjemålet om å utløyse bussgarasje, fleirbrukshall, eldreby og oppgradering av Kvåle skule. Konsekvensutgreiinga bør gjerne skilast i kva som er best plassering av ny barneskule for borna og lærarane som skal bruke skulen, og så ei eige tilleggskapittel om samfunnskonsekvensar av dei ulike plasseringane. Slik som saksframlegget framstår i dag er det først og fremst ei samanblanding av alle dei ulike perspektiva, og i mindre grad eit saksframlegg som gjev oss det beste alternative for ny skule i Sogndal.

9. Konsekvensane av at elevar frå 1. klasse til og med vidaregåande skal gå same veg til skulen på same tid bør vurderast i saksframlegget, og særleg kva borna vil oppleve som «trygg» skuleveg - ikkje berre i høve trafikk, men og i høve mobbing, usikkerheit og angst hjå dei minste elevane ved å skulle dele skuleveg med nær sagt alle alderstrinn opp til og med vidaregåande.

10. I alternativet Kvåle bør kommunen beskrive korleis prosessen med Statens vegvesen i høve den store endringa av tilkomst til Ingafossen skal løysast - både økonomisk og i høve tidsplanen - og kva konsekvensar desse prosessane vil kunne ha for når ny barneskule på Kvåle eventuelt kan stå klar.

11. I konsekvensutgreiinga for dei ulike alternativa bør kommunen i mykje større grad skildre usikkerheita i dei ulike vurderingane, slik at det kjem klårt fram kva som er sikre vurderingar utan særleg risiko, og kva som er usikre vurderingar der tala i større grad bør takast som beste gjetting. Dette bør og gje føringar for kor mykje desse faktorane blir vekta inn i analysen med - slik at ein ikkje i for stor grad samanliknar eple, pære og appelsinar.

12. Samanlikninga i saksutgreiinga mellom einebustadar og familiar som har bygd sine eigne heimar på Kvåle, og personar busette mellombels eller utan særleg tilknyting til kommunale bueiningar på Trudvang, bør i mykje større grad nyanserast for å gjere saka betre opplyst.

13. Det er vektlagt ei relativt konkret problembeskriving av utbyggingsalternativet for Trudvang mtp tilkomst og rigging av maskiner og køyretøy i ulike byggesteg. I andre alternativ blir det sagt at teikningar og planar må komme frå andre aktørar når plassering er vedteke. Har kommunen bede om og fått innspel frå relevante eksterne aktørar på korleis utbygging og drift på Trudvang kan løysast i byggeperioden, og kan kommunen då legge desse vurderingane ved saksutgreiinga?

14. I kommunen si formidling rundt saka blir det vist til at det er svært stor del av borna på Trudvang i dag som blir køyrt til og frå skulen. Kor stor del av desse tek buss, og kor stor del blir køyrt privat? Kommunen bør legge fram tal på korleis den private transporten av borna til og frå skulen vil endre seg med Kvåle-alternativet. Dette vil sannsynlegvis påverke trafikken gjennom Gravensteinsgata monaleg sidan alle som bur og arbeider aust om Dalavegen må køyre igjennom sentrum to gonger morgon og to gonger kveld for å levere og hente born på skulen.

15. For at samanlikninga mellom investeringskostnader skal gje meining å summere med andre faktorar, bør ein legge lågaste totalkostnad til grunn for score 6, og deretter gje dei andre alternativa score etter kor stor brøk desse utgjer av den lågaste totalscoren. Med kommunen sine eigne tal (6xKvåle/Trudvang) vil dette gje ein score på ca. 5,5 for Trudvang - jamfør 3,2 i kommunen sitt kunstige reknestykke.

16. Slik konsekvensutgreiinga ligg føre er det for kvart alternativ ein sum av konkrete tal (t.d. kostnader utan å ta omsyn til risiko og feilmarginar), raske overslag utan særleg grunngjeving (score 5 på Trudvang sine pedagogiske kvalitetar), og score utan å ta omsyn til brukstida til den nye skulen (score 2 til Trudvang på drift i anleggsperioden), osb. Kva metodikk ligg til grunn for å velje underpunkt under kvart hovudkriterium, og korleis desse skal vektast? Det må vere eit krav at alle moment er like vesentlege, og at alle vesentlege moment er vurderte, for at det skal gje meining å summere delscorane. Elles vil eit vesentleg kriterium drukne i dei mindre vesentlege, og scoren på hovudkriteriet vil ikkje reflektere skilnaden på alternativa på dei vesentlege faktorane. Nokre av kommunen sine val av underpunkt under hovudkriteria er ei blanding mellom vesentlege og mindre vesentlege faktorar der alle er vekta likt, og som difor gjev ein misvisande snittscore for hovudkriteriet.

17. Kommunen bør grunngje korleis både kvantitative og kvalitative vurderingar kan summerast saman for å gje ein snittscore med to desimalar utan at det ligg noko sensitivitetsanalyse for kva berre små endringar i subjektive vurderingar vil gje av utslag på sluttscoren. Analysen i saksframlegget gjev gjennom framstillinga av delscore eit feilaktig inntrykk av ein mykje større presisjon i vurderingane enn det som er å finne i drøftingane, og saksframlegget framstår per i dag difor som eit svært lite eigna grunnlag for politisk handsaming.

Eg vil be om at kommunen set av tid og ressursar til å få tal og vurderingar i saksframlegget kvalitetssikra av eksterne aktørar før det blir lagt fram for politisk handsaming. Dette verkar å vere eit naudsynt steg for å sikre eit godt nok saksgrunnlag i ei så viktig sak.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del