Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Vurderingsgrunnlag for ny skule

Avatar: Gjert Aaberge Dahl
Gjert Aaberge Dahl

Plassering av ny barneskule i Sogndal sentrum vil ha stor, for ikkje sei enorm, påverknad på korleis bygda vil utvikle seg vidare. Den vil likeins ha stor påverknad på korleis innbyggarane vil strukturere kvardagen sin og korleis dei ser på skulen. Eg meiner at plassering av skule skal vere sterkt prega av arealplansmåla, som er ei konkretisering av dei noko vage samfunnsplansmåla. Arealplansmåla er konkrete og gjev klare føringar på kva prioriteringar som er føreslått for samfunnet vidare. Arealplansmåla er ikkje vedtekne so vidt eg veit, men dersom dette er ei utfordring er det heilt klart naudsynt å avvente avgjersla på skuleplassering til desse måla er vedtekne.

Med bakgrunn i desse måla framstår Fosshagen som det mest heilskaplege alternativet, med Trudvang som ein god nummer 2. Dersom ein ser bort frå måla alternativa ikkje oppfyller, vinn Trudvang.

Eg ber om at ein går gjennom kriteria for val på nytt og forankrar valte kriterie ut frå allereie definerte mål for kommunen.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share