Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Levande sentrum for bygd og barn

Avatar: Elise Broch Hauge
Elise Broch Hauge

Eg kryssar fingrar og tær for at barneskulen blir verande på Trudvang. At flest mogleg ungar kan gå til skulen er essensielt. Ein kilometer ekstra betyr at ungane må bli eitt eller to år eldre før dei går til skulen åleine, og når ein veit at flest har kortast veg til Trudvang så veit ein også at fleire vil bli køyrt dersom ny skule byggjast på Kvåle.

Eit levande sentrum er viktig for både barna og bygda. Eg er lei meg for å måtte bruke mi flotte barndomsbygd som eit dårleg eksempel - Leikanger har mange gode kvalitetar, men eit sentrum der folk faktisk treffast og oppheld seg er ikkje ein av dei. Skulane er plassert langt vekke, og ein har ikkje har lukkast med å gjere sentrum til ein naturleg møteplass. Sogndal har eit sentrum som fungerer langt betre. For min del er dette ein viktig grunn til at eg valde å bu i Sogndal, og ikkje på Leikanger. Korte avstandar og lett logistikk er nok det mange tilflyttarar har kome til, eller blitt verande i, Sogndal for. Å rusle til sentrumsparken for ein is og trampolinehopp ein sommarsdag etter henting på Sfo - kanskje sler ein tilfeldigvis følge med ein annan klasseforelder og eit barn ein ikkje kjende så godt frå før, og i parken møter ein igjen andre familiar og andre folk i alle aldrar. Det blir ein lettvint og naturleg del av ruta, som er ein føresetnad for at slike viktige (!) møter skal skje.

Naturlege møteplassar bygger bruer, fremjar integrering og skapar eit tryggare samfunn som kjem barna til gode. Som det heiter - it takes a village.

Elise Broch Hauge

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share