Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Bustader for demente på taket til Amfi?

Avatar: Eyvind Øgar
Eyvind Øgar

Alternativ bruk av Trudvang ligg som eit tvetydig slør i bakgrunnen i saka om ny skuleplassering i Sogndal.

TRUDVANG
Trudvang ligg sentralt plassert i Sogndal sentrum med kort veg til omsorgs- og legesenter, kulturhus og bibliotek, butikkar, sentrumspark og fjordsti. Tomta er flat, har god byggegrunn og utan naturfare av noko slag. Tomta har svært godt lokalklima med mange soltimar og lite vind. Området er omringa av blindvegar og tilbaketrekt i høve trafikktunge vegar, men samstundes nærme kollektivknutepunkt. Trudvang ligg midt i sentrumskjerna med best tilgang for flest, uavhengig av korleis tettstaden utviklar seg i framtida. Perfekt for ein ny barneskule skulle ein tru!

BEST PÅ OPPVEKST
Samfunnsplanen slår fast at Sogndal skal vere best på oppvekst, og at barn og ungdom skal prioriterast over andre omsyn. Skal ein bli best på oppvekst må målet vere å bygge ein best mogleg skule, og best moglege nærmiljøanlegg. Den beste skulen kan berre byggast på den beste og mest eigna tomta. Nærmiljøanlegg og nærleikeplassar må ligge nær (!) flest mogleg, ikkje samlokaliserast på eit avgrensa område.

ALTERNATIV BRUK?
Trudvang er eit svært attraktivt område og kan isolert sett vere eigna til fleire ulike føremål. Det er difor forståeleg at det er freistande å sjå på alternativ bruk av dette området. I diskursen har bustader for eldre, omsorgsbustader, bustader for demente, barnehage og anna vore nemnt. Under følgjer nokre refleksjonar knytt til desse føremåla.

BUSTADER FOR ELDRE / OMSORGSBUSTADER
Som samfunnsplanen presiserer skal kommunen legge til rette for gode bustader for alle livssituasjonar i blanda bumiljø, med gode dele- og fellesskapsløysingar. Med bakgrunn i dette kan ein ikkje planlegge ei einsarta utbygging for ei brukargruppe på Trudvang. Ein bør heller prøve å integrere bustader for eldre (og andre grupper) i andre sentrumsnære bustadprosjekt som er under planlegging. I staden for at kommunen skal bygge ut eigne bustadprosjekt kan ein vere ein katalysator for gjennomføring av private utbyggingsprosjekt, eksempelvis Billagstomta, Guro Ness-kvartalet og Fossetunet. I Førde har kommunen nytta dette prinsippet i Apotekargarden, der Husbank-finansierte leilegheiter har vore sentrale i realiseringa av eit viktig sentrumsprosjekt.

Når eg vert gammal vil eg mykje heller vere del av eit variert og levande nabolag med eldre, yngre, einslege, barnefamiliar, omsorgstrengande og innvandrarar, enn å vere del av ein eldreghetto (unnskyld uttrykket).

BUSTADER FOR DEMENTE
Å etablere bustader for demente på Trudvang vil medføre ei uheldig institusjonalisering av eit viktig sentrumsområde, og er etter mitt syn uheldig. Kva med å etablere slike bustader på taket til Amfi? Her er det god plass til å etablere gode og trygge rammer for demente med store, vakre sansehagar, masse sol og skjerma for innsyn frå bustadfeltet i bakkant. Det meste av arealet til Amfi har kapasitet til å byggjast på, i tillegg kan ein få til ei sårt etterlengta estetisk oppgradering av Sogndal si største og styggaste fasade.

BARNEHAGE
Det vil heilt sikkert kunne byggast ein svært god sentrumsbarnehage på Trudvang-tomta. Ein barnehage vil på same vis som ein barneskule bidra til liv og rør i sentrum på dagtid, og er ein fint supplement ved sidan av SHOS. Ein barnehage har ein meir avgrensa verdi som nærmiljøanlegg og nærleikeplass enn ein barneskule. Både bygg og uteområde til ein barnehage er spissa mot ei spesifikk aldersgruppe, og har mindre verdi for andre brukargrupper. Truleg er det heller ikkje frå barnehagen sin ståstad ønskjeleg med fri bruk av uteområde utanfor
barnehagen si opningstid. Ein barnehage vil såleis ikkje erstatte funksjonen Trudvang i dag har som nærleikeplass.

MODERNISME vs FRUKTBARE TETTSTADER
Under modernismen på 50- og 60-talet var bilen ein viktig premiss i framtidsvisjonane og byplanlegginga. Like funksjonar skulle samlokaliserast, ulike funksjonar skulle ikkje blandast – og bilen skulle knyte det heile saman. Bustader vart samla for seg, tilsvarande for arbeidsplassar, institusjonar, handel etc. I nyare tettstadutvikling veit ein betre, og dette er også godt skildra i samfunnsplanen under satsingsområdet "Fruktbare tettstader"- eksempelvis "attraktive tettstader som tilbyr varierte funksjonar og gir trivsel" og "effektive tettstader som gir god kvardagslogistikk"

BESTE BRUK AV TRUDVANG
Ny barneskule.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del