Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Sentrumskule på Trudvang

Avatar: Christina Skancke Sørheim
Christina Skancke Sørheim

Eg argumenterer her for at barneskulen i Sogndal framleis skal ligga på Trudvang

1. Sentrumsskule: Det er viktig å ha ein skule i sentrum. Dette er fordi ein barneskule vil gje høve til å setta av plass til eit frileikområde som andre prosjekt oftast ikkje har høve til, både økonomisk og arealmessigt.
Utan skule på Trudvang misser Sogndal ein unik aktivitetsarena og møteplass i Fjøra. Dette gjeld og for aktivitetar på kveldstid der bruk av gymsal og musikkrom er viktig. På skulen kan ein låna til bursdager, vennegrupper, teiknegrupper, og andre aktivitetar.
To trampolinar og eit klatrestativ i sentrum kan ikkje erstatta eit heilt skuleanlegg. På Kvåle finnes eit leikeanlegg, ballbinge og fotballbane som ungane i denne delen av Sogndal brukar.
Ein barnehage kan ikkje erstatta funksjonen til ein skule. Eit uteområde for ein barnehage er inndelt i områder for born i alder 1-3 år og andre områder i alder 4-6år. Det vil ikkje vera interessant for born og unge over ein viss alder å bruka desse områda. Ein barnehage vil heller ikkje vera på same storleik som ein skule for 700 born. Ein barnehage for 100 born er ein stor barnehage. Ein får håpa kommunen ikkje har tenkt å laga større barnehager enn det.

2. Nærleik til andre arenaer enn idrett. Kommunen snakkar i sitt framlegg mykje om nærleik til idrettsanlegg og ny Fleirbrukshall. Eg tykkjer det er viktig å tenka på at det er andre arenaer enn idrett som er viktig i skulekvardagen. Kulturhuset, biblioteket, fjordstien og badelaguna. Sogndal er gode på idrett, derfor ekstra viktig å fokusere på fleire ting som kan vera viktig for eit barn sin oppvekst. Biblioteket har besøk av forfattarar som les for borna. Dei får eit forhold til biblioteket og dei som jobbar der og kan dra dit sjølv etter skuletid. Kulturskulen i gangavstand er og viktig sidan borna går sjølv og foreldre slepp ta fri frå jobb for å følgja.

3. Å konsentrera alle skulane i eit område meiner eg er ein dårleg ide. For ein førsteklassing kan det vera skremmande å dela skuleveg og skoleområde, gymsal med ein gjeng bråkete 10 klassingar. Ikke fordi desse ikkje er greie, men fordi dei i flokk kan laga masse lyd. Overganger kan vara sårbare, men ei treng ikkje unngå desse. Det handler heller ikkje om at ein skal vera fysisk på same staden, men heller om eit samarbeid mellom barneskole og ungdomsskule. Ungane har godt av miljøbyte. Om eit born har kome «skeivt ut» på barneskolen kan det vera sundt med ein re-start og ny skule, nytt miljø og ny plass. I tillegg er det stas å få flytta opp på Kvåle når ein vert ungdomsskoleelev.

4. Utomhus. Skulen på Trudvang har omlag 2 grader varmar klima enn Kvåle. I tillegg kjem dalatrekken. På Kvåle er sola vekke i 94 dagar, på Trudvang i tilsvarande 40. Dette utgjer på Trudvang 10 % av skuletida mot 33% av skuletida på Kvåle. Uteområdet er mykje viktigare på ein barneskule enn på ein ungdomsskule. Dei går der i mange fleire år, og er meir ute. Nye veiledarar for uteområde viser at det er viktigare med kvalitet enn kvantitet. To mogelegheitsstudie utført av ulike arkitektkontor viser at skuleområdet på Trudvang er stort nok. Stitoppen er eit fint supplement. Ein treng ikkje etablera heis på stitoppen. Alt uteareal treng ikkje vera tilgjengeleg om terrenget ikkje er egna til dette. Det er likevel viktig at alle born i så stor grad som mogeleg kan ta del i alle funksjoner. Dette vert handtert av TEK 17. Om ein i framtida har brukt for større barneskule bør den uansett delast i fleire mindre skular.

5. Tomta skal brukast til utviding av SHOS. Det er ikkje eit ønskje frå statleg hold at ein skal samlokalisera all eldreomsorg. Snarare er det eit mål at eldre skal bu «heime» så lenge som mogeleg. Husbanken som forvaltar staten sin bustadpolitikk seier «omsorgsbustader skal plasserast i ordinære og gode bymiljø, det bør ikkje vera for mange samla, og dei ulike brukargruppene må ikkje samlokaliserast på ein uheldig måte». Den gongen aldersheimen vart flytta frå Stedje til Trudvang var eit av argumenta at det var kjekt for dei eldre å sjå liver rundt ein barneskule. Det er framleis kjekt for dei eldre å sjå barna gå til og frå skulen. Forsking har vist at eldre vert friskare av å sjå/ omgås barn. Eldre bør inn i eit variert bustadområde heller enn ein getto på Trudvang. Det er fleire tomter på flata i Fjøra som er under utbygging som er egna til dette.

6. Tomtene rundt Trudvang er kjøpt opp for framtidig utviding av barneskolen. Dei som bur i desse bustadene bur der midlertidig. Bustadane er i dårleg forfatning. På sikt treng dei som bur der hjelp til å koma inn på det ordinære bustadmarknaden. Eg er bekymra for at kommune kjem til å selja heil eller deler av Trudvangtoma til kapitalsterke utbyggjarar om ikkje det er ein barneskole på tomta.

7.Trafikk. På Trudvang kan ein sambruka parkering med Amfi. Derfor treng ein ikkje laga fleire parkeringsplassar enn det som det er planar for i sentrum. Det største parkeringsbehovet i sentrum er til andre tider enn når skulen er i drift.
Gravensteinsgata har fått ny gang og sykkelveg som passerer rett forbi Trudvang. Det vil vera lett for foreldre som går og syklar borna sine til skulen å bruka denne. Sykkelvegen går frå Kjørnes og heilt til Hagelin.
Hovudtyngda av barn bur sentrert rundt Trudvang. Nærleik til skulen er avgjerande for å få borna til å gå. Kommunen hevdar at nær 1/2 av alle born i Sogndal vert køyrt til skulen. 1/3 av desse kjem frå Kjørnes. Dersom Sogndal er spesielt dårlege på dette, så er det endå viktigare å behalda barneskule nært der flest bur.

8. Byggeperioden. Eg forstår at mange foreldre er kritisk til å drifta ein skule i ein byggeperiode. Ein bygger skulen for dei neste 50 åra. Då tenker eg at to-tre års byggeperiode er ei kort tid samanlikna med tida skulen skal vera i drift. Byggeplassen må handterast av kommunen og dei som skal drifta byggeplassen. Her må ein få til smidige løysingar. Kanskje står det tomme lokalar ein plass som deler av skulen kan nytta? Kanskje kan seksåringane få ein mjukare overgang frå barnehage til skule ved å vera meir ute? På Gamma og Røvhaugane. Ein fordel er at lærarane, til tross for den store belastninga ein byggeperiode vil vera, heller vil stå i det enn å legga framtidig barneskole på Kvåle.

Eg trur det er ein fordel for både barneskulen og ungdomskulen at dei kan fortsette på to ulike lokalisjonar og at det blir ein ny barneskule på Trudvangtomta.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del