Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Plassering av ny barneskule på Trudvang

Avatar: Mari Engesæter
Mari Engesæter

Eg vil med dette argumentere for ei plassering av ny barneskule på Trudvang.
1. Nærleiken til bibliotek, kulturhus, natur- og friluftsområde som fjorden og Røvhaugane. Det er snakk om dei yngste elevane og ein bør særleg vektlegge umiddelbar nærleik til naturområde. Dette tykkjer eg i alt for liten grad har vore løfte fram. At elevane av og til må gå eit stykke for å komme til svømmebasseng eller evt større hallområde, utgjer i kvardagen ikkje det store. I tilråinga er det urovekkande lite fokus på dei faglege og pedagogiske kvalitetane ved dei ulike plasseringane. Også nærleiken til SHOS kunne vore løfta fram som ein mogelegheit for positiv samhandling.
2. Eg forstår ikkje kvifor ein skal bygge ny fleirbrukshall og basishall i tilknyting til ny barneskule. Om ein gjer det, så aukar ein jo ikkje hallkapasiteten i kommunen på same måten som om ein bygger ein skule med gymsal og fleirbruk- og basishall i tillegg. Det er i dag mykje aktivitet, også på ettermiddag/kveld, i gymsalen på Trudvang.
3. Å skape gode samanhengar mellom barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande handlar ikkje primært om at bygningane skal stå ved sidan kvarande. Tvert i mot argumenterer lærarane både på Trudvang og på Kvåle mot ei alt for tett plassering.
4. Eg tykkjer det er problematisk at ein i tilåringa ikkje tek omsyn til brukargruppene sine innspel og i svært liten grad legg barns perspektiv og fagleg/pedagogiske vurderingar til grunn. For meg verkar det som det hovudsakeleg er trafikale og økonomiske moment som er vektlagd

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share