Arealplan for Sogndal kommune 2023-2033
#arealplan Planen som bestemmer kva som kan byggjast kvar
Process phases
-
12021-06-01 - 2021-09-16
Introduction
Arbeidet med arealplanen starta i juni 2021. Då laga me eit planprogram som fortalde korleis planprosessen skulle vere. Det vart vedteke av kommunestyret 16. september. Planprogrammet ligg under fana "prosessen".
-
22021-09-17 - 2021-11-12
Moglegheitsstudiar for tettstadene vert utarbeidde
Som fagleg grunnlag for arealplanarbeidet bestilte me fire moglegheitsstudiar for Leikanger, Sogndal, Kaupanger og Hodlekve. Du finn moglegheitsstudiane i ei eiga fane i menyen over. Det er sett i gang tilsvarande prosessar for Balestrand og Fjærland, desse studiane vert publiserte på eit seinare tidspunkt.
-
32021-11-15 - 2022-01-16
Medverknad: Realiser hjartesaka di
Medverknadsfasen er i perioden 15. november - 16. januar. Me kombinerer digital medverknad med fysiske arrangement.
-
42022-01-01 - 2022-03-18
Framlegg til arealstrategi og temaplan for naturmangfald vert utarbeidde og handsama politisk
Planavdelinga utarbeider framlegg til arealstrategi og temaplan for naturmangfald. Arealstrategien viser den overordna byggjestrukturen i kommunen, medan temaplanen viser viktige blågrøne strukturar i tettstadene. Strategien og temaplanen vert handsama i plan- og forvaltningsutvalet 16. mars og formannskapet 17. mars.
-
52022-03-21 - 2023-02-21
Bustadanalyse og framlegg til arealbruk vert utarbeidd og handsama politisk
Adminstrasjonen vurderer innspela frå medverknadsfasen og arealbruken i dei tre gjeldande arealplanane, og utarbeider ei bustadanalyse. Bustadanalysen gjer greie for potenisalet for bustadutvikling i kommunen ut frå folketalsutvikling og bustadbehov, samfunnstrendar og Sogndal kommune sine eigne målsettingar for bustad- og tettstadutvikling. Administrasjonen gjer deretter ei vurdering av arealbruken opp mot samfunnsplanen, arealstrategien, temaplanen for naturmangfald og bustadanalysen.
Framlegget vert handsama del for del i PFU og formannskapet i fleire rundar frå april til oktober. Kommunestyret får orientering om kvar runde.
April og mai: Balestrand
Juni: Leikanger
September: Kaupanger, Sogndalsdalen og Fjærland
Oktober: Sogndal og omegn
-
62023-01-01 - 2023-06-15
Utarbeiding av fullstendig planforslag
Planavdelinga utarbeider eit fullstendig planforslag med plankart, føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse.
Planforslaget vert handsama politisk og lagt ut til offentleg ettersyn.
-
72023-06-20 - 2023-09-15
Medverknad: Offentleg ettersyn av arealplanen
Planforslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn av kommunestyret. Det betyr at alle innbyggjarar, høyringsinstansar og andre kan seie det dei meiner om planen.
-
82023-08-22 - 2023-11-16
Planen vert ferdig utarbeidd og vedteken
Innspela vert vurderte av planavdelinga og handsama politisk. Planavdelinga utarbeider deretter eit ferdig planforslag. Kommunestyret vedtek planen.