Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Heilårsopen Goroveg

Avatar: Bjørnar Dale
Bjørnar Dale

Mitt innspel til arealplanen er at Gorovegen bør opnast som heilårsopen bilveg med tilhøyrande turparkering på Goro, eller som eit totalt minimum gå tilbake til ordninga som har vore dei siste 15-20 åra med open veg om vinteren. For at dette innspelet skal kunne bli gjennomført må anten grunneigar gå med på ein avtale med kommunen, eller eventuelt området ordeignast av kommunen. Ettersom gamle Sogndal kommune har hatt store utgifter med opprusting av vegen pga. damutbetring på Breisete, so bør det vurderast om vegen eignar seg for ordeiging. Beløpet har komme opp i ein slik storleik at fellesskapet, etter mitt syn, alt har eit stort eigarskap til vegen og dermed naturlegvis bør få bruka denne både sommar- og vinterstid. Ei ordning med bomavgift kan også vera aktuell, men dette bør berre vera ei løysing som finansiering av heilårsopen veg.

Med utgangspunkt frå Goro vil turområda til Breisete, Vassløysa og Store Haugmelen bli lettare tilgjengeleg vinterstid både for vaksne, men ikkje minst for ungar. Mang ein Kauping har lært seg å gå på ski i skispora laga av Einar fram til Svoden. Terrenget i området eignar seg i langt større grad til å læra seg å gå på ski enn løypa langs vegen frå flyplassen til Lingesete. Ein kan også tenkja seg ein natursti, noko liknande som forslaget til Heidi Kathrin Osland, eller opplevingar tilknytt det ganske nylege oppretta naturreservatet. Utan å ha dei nøyaktige tala so har det vore ein klar nedgang av besøkande på dei av Kaupanger Idrettslag sine postar som har eit naturleg utgangspunkt frå Goro, og då spesielt på vinterstid. Dette er negativt for folkehelsa.

Å få saka kring Gorovegen med i handsamninga av arealplanen vil forhåpentlegvis gi ein ordentleg gjennomgang på korleis området skal nyttast framover i tid. Gorovegen har årleg vore grobotn for frustrasjon og sinne blant innbyggjarane på Kaupanger, då spesielt angåande vinteropen veg som var "normalt" inntil for 5-6 år sidan. Utan å mala eit for dystert bilete av situasjonen, so ligg denne saka som eit bakteppe i andre saker som omhandlar utviklinga av Kaupanger som bygd.

Folk står klar til både å brøyta veg og køyra skispora, slik at ein tilbakestilling til vinteropen veg og ein tilsvarande ordning som var normalen for 5-6 år sidan bør fint la seg gjennomføre. Å få til ein ordning med heilårsopen veg og tilhøyrande parkering vil truleg vera krevjande å få gjennomslag, men dette er ei saka som nær sagt alle Kaupingar har eit forhold til og no etterkvart vil ha ei avklaring på.

Mvh Bjørnar Dale

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share