Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Sogndal frå fruktbygd til tettbygd. Kva no? (av Marte Lange Vik, HVL, og Kyrre Groven, Vestlandsforsking)

Avatar: Marte Lange Vik
Marte Lange Vik

Vi må slutte å bygge ned frukthagar. Til det har dei altfor mange viktige funksjonar, både som grøntområde og for stadidentiteten til Sogndal.

Vi er heldige i Sogndal. Kommunen er i vekst, og tettstaden Sogndal har fått nesten 1000 fleire innbyggarar dei ti siste åra. Dette er med på å gjere Sogndal til ein levande stad, ein stad i utvikling.

Men denne utviklinga kjem ikkje utan kostnadar. Fordi fortetting er eit nasjonalt satsingsområde, er tettstadutviklinga i heile landet i stor grad prega av dei same måla, og følgjer same mal.

Utvikling eller avvikling av Sogndal?
Stadutvikling etter dagens modell gjer at eigenarten til stader forsvinn. Det er ikkje populært å snakke om, men alle planar og vedtak inneber også at noko blir nedprioritert. I forskingsprosjektet Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround) har vi studert utviklinga mellom anna av tettstaden Sogndal dei siste 30 åra. Utan at det er noko overrasking, finn vi at tettstadutviklinga i Sogndal har ført til avvikling av det stadeigne. Det er høge krav til nye bygg, og store aktørar som kan masseprodusere bygningstypar og modular, kan tilby denne type utbygging til ein langt billegare penge, enn mindre aktørar med sterkare stadtilknyting og historie. Resultatet er utvatning av historiske miljø og verdiar.

Når kommunen no skal stake ut kursen framover, er det viktig å prøve å reversere prosessen mot avvikling av Sogndal sin eigenart. Stadeigenarten til Sogndal er tufta på strandsitjarstaden i nedre Fjøra, og (til liks med fleire andre tettstader i Sogn) fruktproduksjonen i omlandet. Dette er viktige kvalitetar både for innbyggarane og for omdømet til Sogndal.

Frukthagar og fleirfunksjonelle grøntområde
Det som var omlandet med frukthagar er no i stor grad bygd inn i tettstaden, og frukthagane har såleis tapt mykje areal til utbygging og andre føremål. Innanfor det som i dag er tettstaden Sogndal er nær halvparten av frukthagane frå 1990 nedbygde. Slik nedbygging av grøntområde er heller ikkje unikt for Sogndal. Dette er ein naturleg konsekvens av fortetting og stadutvikling. Som ein reaksjon på at byar og tettstader i Norge er blitt tettbygde og meir folkerike, er det derfor aukande semje om at vi må ta vare på grøntområda innanfor tettstadene våre.

I første omgang blir det framheva at grøntområde er viktige for å skape gode nærmiljø, fordi dei aukar innbyggarane sin trivsel og gir verdifull variasjon i omgjevnadane. Å avgrense grøntområde sin verdi til å berre fokusere på trivsel og gode nærmiljø, er likevel ikkje dekkande. Grøntområde har mange ulike funksjonar. Inger Auestad har (i ein kronikk i Sogn Avis) allereie påpeika den viktige rolla som blomstrande tre i grøne omgjevnader, speler for det biologiske mangfaldet. I tillegg til folkehelse og naturmangfald, er dei også viktige for mellom anna luftkvalitet, lokalklima og handtering av overvatn.

Dette mangfaldet i funksjonar gjer grøntområde særskilt verdifulle i tettstadutviklinga. Dei blir omtalt som fleirfunksjonelle område. Analysane våre viser at særleg område av ein viss storleik, eller som inngår i ein samanhengande grønstruktur, har evna til å dekke heile breidda i funksjonar på ein god måte. Her sit planleggarar og politikarar i Sogndal på ei gyllen moglegheit. Når grøntområde som frukthagar både er viktige for stadidentiteten til Sogndal, og i tillegg har andre viktige funksjonar, bør det vere gode grunnar til å ta vare på dei vi har, og kanskje også erstatte noko av det vi har tapt.

Moderne fruktdyrking krev sprøyting og driftsmåtar som fjernar delar av det biologiske mangfaldet frukthagane elles kunne ha hatt, og mange av dei som bur og ferdast rundt frukthagane er engstelege for å ha pesticidbruken tett innpå seg. For å auke oppslutninga om fruktdyrking som eit innslag i tettstaden, burde det derfor leggast opp til ein dialog med landbruksnæringa om produksjonsmåtar og utforming av frukthagane som reduserer bruken av sprøytemiddel og aukar artsmangfaldet. Vi meiner det bør vere mogleg å finne løysingar for ivaretaking av grøntområde som gjer det mogleg å halde fram med stadeigen fruktdyrking også i Sogndal.

Fruktdyrking har også vore eit viktig innslag i vanlege hagar i Sogndal. Blomstrande tre i private hagar har mykje å seie for insekt- og fuglelivet. I samarbeid med andre aktørar som hagelag og velforeiningar/grendelag, kan og kommunen stimulere til allsidig og samskapande hagebruk.

Berekraftig tettstadutvikling
Arbeidet for å skape livskraftige, attraktive og berekraftige lokalsamfunn har sidan starten blitt sett i samanheng med berekraftig utvikling. Tettstadutviklinga i Sogndal, og elles i Noreg, må såleis ha mål om å foreine globale miljømål og gode nærmiljø. Når vi veit kva frukthagar kan bidra til av positive samverknader mellom rekreasjon, stadidentitet, biologisk mangfald og regulering og handtering av klimaendringar, kan vi også sjå at desse er viktige for å få gode nærmiljø i tettstadene våre, og for å oppfylle globale miljømål.

I juni, publiserte Sogn Avis ein kronikk som påpeika at gamle Sogndal kommune har vore verst i klassen i å ta vare på grøntområde. Både natur- og landbruksområde har måtta vike for utbyggingar på Kaupanger, Kjørnes og i Sogndal sentrum frå 1990 og fram til i dag. No er nye tettstader innlemma i den nye kommunen, og vi må håpe at politikarane gjer kloke val for å verne om og forbetre verdifulle grøntområde og kulturkvalitetar i og rundt alle tettstadene i den nye kommunen.

Den godt dokumenterte krisa for artsmangfald er global, men oppstår først og fremst som summen av arealbruksendringar i lokale miljø over heile kloden. Kanskje nettopp fordi mange tettstader i Noreg, som Sogndal, ligg omkransa av variert natur, er det lett å gløyme at dei ligg i område som for relativt få tiår sidan var blant dei mest artsrike kulturlandskapa våre. Tettstadene har framleis eit stort potensial for å romme variert plante- og dyreliv, og å ta vare på og kanskje restaurere desse kvalitetane vil også auke rekreasjonsverdien og livskvaliteten til innbyggarane.

Estetiske, kulturelle og identitetsskapande tettstadkvalitetar er blant fellesgoda det er vanskelegast å mobilisere økonomiske ressursar og tøffe politiske prioriteringar for å ta vare på. Når Sogndal taper historiske bygningsmiljø og spor av tidlegare driftsformer og levevis, kan mange hevde at ein må akseptere desse endringane som del av utviklinga mot eit vekstkraftig regionsenter. Vi meiner at det er nettopp i periodar med vekst at ein må ta kostnadene med å ta omsyn til estetikk og identitet.

Comments

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share