Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Innspel frå Amlabukti Grendalag

Avatar: Endre Timberlid
Endre Timberlid

INNSPEL TIL AREALPLANEN SOGNDAL KOMMUNE

Styret i Amlabukti Grendalag (AG) har følgjande innspel til arealplanen i Sogndal kommune:

Historikk
Fram til ca 1980 var området rundt Amlabukti sentrum i Kaupanger. Det var også her dei fleste innbyggjarane i bygda var busett.
Vidare var det meste av næringsaktiviteten i bygda også lokalisert i dette området
I tillegg var Kaupanger og eit stort knutepunkt innan samferdsel i regionen, med ferjeforbindelsar til 4 ulike destinasjonar på det meste.
Utover 1970-talet starta utviklinga av området som i dag er blitt sentrum i Kaupanger. Først med etablering av næringsområdet, der det vart etablert ny næringsvirksomhet.
Rundt 1980 vart det lagt til rette for ein stor utbyggjing av bustadar i Kaupanger i området som i dag utgjer hovedtyngda av busetjinga i Kaupanger.
Denne utbyggjinga saman, med etablering av næringsområdet, gjorde at sentrum i Kaupanger vart gradvis flytta opp til dette området i løpet 1980 – åra.
Når det nye samferdselprosjektet med Manheller – Fodnes vart åpna i 1995, vart det det siste av sentrumsfunksjonar flytta til det som i dag er sentrum i Kaupanger.
I den første tida etter avviklinga av ferjetrafikken, var delar området rundt Amlabukti prega av forfall. Det var og ein viktig grunn til Amlabukti Grendalag vart stifta i desember 1996.

Synspunkt på framtidig utvikling

Styret i AG meiner at det bør væra mogeleg å få til utvikling i denne delen av Kaupanger.

Bustadar

I dei siste 20 åra er det gjennom mindre planar og fortetting, bygd ca 30 bustader i området rundt Amlabukti. Dette har vore udelt positivt for miljøet i denne delen av Kaupanger.
AG meiner derfor at Lerum sine planar for utvikling av det gamle sagbruket til bustadar, vil vera eit viktig prosjekt for utviklinga i området.
Med god tilretteleggjing og krav til utforming og plassering, kan det også vera aktuelt med andre mindre utbyggjingar / fortettingar for bustadar.

Ferjekaien

AG engasjerte seg i si tid for området på ferjekaien, og fekk gjennomført ein ny reguleringsplan for området i 2005.
Dette området vart oppgradert med gjestehavn, stupetårn og grøntområder i 2010. I tillegg vart det etablert ein ballbinge i området nokre år før. Alle prosjekta vart gjennomførde i regi av AG og med finansiering frå kommune, fylkesmann og tippemidlar.
Gjennom ein mogelegheitstudie som er utarbeida for Lerum, blir det vist korleis ein kan utvikla strandsona i omådet, frå planlagd utbyggjing og inn på ferjekaien.
Dette kan bli Kaupanger sitt « Fjordstiprosjekt». Det vil kunna gi flotte mogelegheiter for fritid og rekreasjon for alle innbyggjarane i bygda.
Samstundes vil dette også kunne opna mogelegheiter for næringsaktivitet , spesielt innan for reiseliv.

Badeplassar
Badeplassar er eit viktig tilbud til innbyggjarane i Kaupanger. Området rundt Amlabukti har i dag 3 badeplassar:
• Stupetårn og gjestekai på ferjekaien
• Bjørkanausti
• Amlasanden
I Bjørkanausti er AG i dialog med grunneigar, Kaupanger Hovedgård, om ein oppgradering av denne badeplassen. Vi vonar at vi kan presentera aktuelle planar for dette prosjektet i løpet av våren 2022.

Mogelegheitsstudier
Vi viser til mogelegheitsstudiar som er utabarbeida for Kaupanger i samband med arbeidet med arealpalanen. Begge desse peikar på dette med ein tursti / kontakt mellom dagens sentrum og den delen av Kaupanger som ligg nede ved sjøen.
AG meiner at dette er eit spanande tema. Vi har tidlegare drøfta dette med aktuelle grunneigarar, men valde å ikkje gå vidare med eit slikt prosjekt etter desse samtalane.
Dette kan vera aktuelt å sjå på, spesielt med tanke å få knytta desse delane av Kaupanger bedre saman.

Helsing
Styret i Amlabukti Grendalag

Comments

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share