Hopp til hovedinnhold

Informasjonskapselinnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre de grunnleggende funksjonalitetene på nettstedet og for å forbedre den onlineopplevelsen din. Du kan konfigurere og godta bruken av informasjonskapsler, og endre samtykkealternativene dine, når som helst.

Essensielle

Preferanser

Analyse og statistikk

Markedsføring

Torsnes gard - Innspel til arealplan for Sogndal kommune 2022-2032

Avatar: Ingrid Thorsnes
Ingrid Thorsnes

Vi viser til det pågåande arbeidet med arealplan for Sogndal kommune, og vil med dette føreslå å gjere om delar av bygningsmassen på Torsnes gard (Gnr 326/3) til fritidsbustader.

Torsnes gard ligg på neset mellom Sværefjorden og Vetlefjorden, med utsikt mot fjellet Rambera i syd. På denne staden har det budd folk i alle år, og mange generasjonar bønder har teke vare på og modernisert garden i tråd med samfunnsutviklinga. Det førebels siste leddet i denne kjeda er familien Egeland/Thorsnes, som har budd her sidan 1987.

Garden var i drift fram til 2005, og inn- og utmark vert framleis ivareteke etter beste evne, mellom anna ved utleige av innmark. Samstundes ser vi i familien store utfordringar med ein skog som veks raskt og tettare inn på eigedomen, og den store arbeidsinnsatsen som må til for å ivareta kulturlandskapet rundt garden, særleg oppover i dei bratte bakkane over riksvegen. Garden har også ein stor bygningsmasse, og det krev større investeringar for å halde fjøs, låve og kårhus ved like.

Heldigvis er vi ein stor søskenflokk med sterk tilknyting til garden, som har eit stekt ønskje om å ivareta både kulturlandskap og bygningsmasse, etter kvart som dette vert for mykje å krevje av våre foreldre. Samstundes er søskenflokken etablerte rundt om kring i landet med partnerar og familiar. For at fleire av oss skal kunne tilbringe lengre periodar på garden, ønskjer vi å undersøkje mogelegheita for å etablere fritidsbustader i den eksisterande bygningsmassen på garden. For å klargjere mogelegheitsrommet og gjere ein slik prosess så smidig som mogeleg, vil vi allereie no føreslå at området vert regulert til "LNF med spreidd fritidsutbygging" etter plan og bygningslova § 11-7 nr. 5 bokstav b).

Det er imidlertid ikkje tale om å byggje ut nye område, men å oppgradere bygga som allereie står der. Det er særleg relevant for eit bygg på tunet som i dag er regulert som "anna landbruksbygning", men det kan også vere aktuelt å undersøkje mogelegheita for bruksendring/ombygging av andre delar av bygningsmassen som ikkje lenger er i bruk, til dømes der det i dag er sauefjøset. I dag er det ikkje økonomi i småskala dyrehald på Torsnes, sjølv med full fjøs. Dersom vi skal drive landbruk på Torsnes i framtida, vil vi derfor fokusere på bær, frukt og grønsaker. Slik drift vil krevje andre bygningsløysingar enn det tidlegare dyrehaldet på garden.

I familien har vi stor tru på at ei slik ordning kan gi oss den fleksibiliteten vi treng for å utnytte potensialet i den eksisterande bygningsmassen på ein måte som gjer det meir aktuelt for søskenfamiliane å investere oppsparte midlar i Torsnes gard, heller enn å skaffe seg fritidsbustader andre stader. På denne måten kan vi motverke forfallet i bygningar og kulturlandskap som vi kan sjå på andre gardar som ikkje er i drift, samstundes som vi opprettheld vår tette tilknyting til garden. Med ein stadig meir fleksibel arbeidsmarknad mogeleggjort av moderne teknologi, ønskjer fleire av oss å kunne tilbringe lengre periodar på garden, og med tida vil ein eller fleire familiar vurdere mogelegheita for fast bustad i bygda.

Kommentarer

Bekreft

Vennligst logg inn

Dette passordet er for kort.

Del