Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Stølaholmen i Fjærland- bevaring og aktiv bruk

Avatar: Hanne Haugen
Hanne Haugen

Som brukarar, men og som grunneigar av området, er me opptekne av at det vert laga planar for området som sikrar
1. bevaring av det unike naustmiljøet
2. allmenn tilgang
3. meir bruk av området til rekreasjon, bading, fiske og utforsking/leik i sjøkanten
4. plass til å legge ut båtar
5. parkeringsmoglegheiter
Før vegen til Mundal kom, var tilgang til Stølaholmen knutepunkt på ferdselsvegen for alle på austida av bygda (strekka Stølaholmen- Skarestad-Supphella). Rettane til tilgang og bruk vart difor sikra gjennom ein allmenning for brukseigarar. Dei to siste generasjonane har ikkje det vore behov for slik sikring, bruken har endra seg og allmenningen finst ikkje meir. Då det likevel ikkje er tvil om at dei ulike bruka har naustrettar i området, men ingen heilt veit korleis dei lyder, er me no i ein prosess for å rydde opp i dette.
På eit møte der alle bruka med naust i området var deltakande, vart me einige om nokre prinsipp som me legg til grunn:
- nausta føl bruka dei høyrer til og kan ikkje seljast utan saman med desse
- oppgradering av naust skal skje innanfor dei grunnmurane som er der i dag eller slik at det ikkje utmerkar seg i høve resten av nausta. Preget som småbåtnaust må bevarast.
- med retten til naust føl og retten til å legge ein båt for ile i tilknyting til eige naust/båtstø så lenge det ikkje er til sjenanse eller hinder for eigarane av nabonausta (erstattar den gamle retten til lagring og utskiping av ved)
- med retten til naust føl og plikt til vedlikehald og rydding rundt eige naust
Me håpar dette kan vere med å sikre bevaring av det unike bygningsmiljøet.
Etter fleire år med liten aktivitet i området, ser me no ei aukande interesse, særskilt på sommarstid. Området er gjennoppdaga som rekreasjonsstad og badeplass. Stadig oftare ser ein og nokon prøve fiskelukka, enten frå småbåt eller land. Dette er det me vil ha meir av og ser det som viktig at alle, også dei som ikkje har naustrettar i området, føler seg velkomne. Det at tilkomstvegen forblir kommunal, er ei viktig brikke for å sikre dette.
Ein kan ikkje parkere nede med sjøen/nausta, men kome seg ned både med sykkel, barnevogn eller rullestol. Ein kan og køyre ned og snu med ein bil om ein har mykje tungt med seg. Slik må det nok bli også framover, men ein bør legge til rette for meir parkering på toppen av bakken, der den delen av vegen som vert brøytt også om vinteren endar.
Me får stadig spørsmål om høve til å bygge nye naust. Når me no får avklart rettane og pliktene i området som fortalt om over, ynkjer me å kunne legge til rette for dette. Ein høvande stad kan kanskje vera utom Vetlaneset, som fortetting mellom dei to nausta som ligg der i dag. Me merkar og auka etterspørsel etter moglegheiter legge ut ein liten båt, både frå dei som har naust, men ikkje minst frå alle som ikkje har dette, slik som eigarane av hyttene i hyttefeltet på staden. Me ser difor behovet for å legge ut flytekaiar med plassar til båtar. Ein fin stad å gjere dette, kan vera langs den gamle vedabrygga som tidlegare vart nytta til å lagra og skipa byved frå. Då kan ein unngå mange ilar og tau til irritasjon for ivrige fiskarar.
Ein annan trend me ser, er aukande båtstorleik. Desse er det ikkje nokon god plass for. Nokre vel å legge større båtar for anker utanfor naustrekka, noko andre tykkjer er til sjenanse. Det er fint om ein ser på om det går an å tilrå ein plass for denne type båtar (dagcruisar og større) som er mindre sjenerande men likevel ikkje for langt vekke, som td ute ved «notanaustet». Me ser og at det kan bli behov for å bygge eit naust eller to store nok til denne typen båtar eller for å kunne tilby vinterlagring for meir enn ein robåt. Før stod det eit slikt stort naust mellom naustrekka og vedabrygga. Der er fint om det i planane vert opning for å kunne setje opp att dette og også om ein ser på om det er andre stadar i nærleiken det let seg gjere å bygge større naust utan å øydelegge preget på staden.
Den mest populære staden å bade og fiske frå, er Vetlaneset. Her bør det difor ikkje leggast for mange båtar ut.
Elles er det lurt å tenke på at med auka bruk, vil og behovet for toalett melde seg. Dette er kanskje ein ideell stad å teste ut solcelledrivene forbrenningstoalett? Før var det og vatn på staden. Kanskje er det mogleg å finne att og føre fram ei vasskjelde også?

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share