Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Naust for tradisjonsbåtar

Avatar: susanne svardal
susanne svardal

Fylkesmannsstrondi på Leikanger er eit stort og flott friområde, der ein godt kunne legge til rette for meir aktivitet.

Der står det eit stort gamalt naust som kajakklubben disponerer.

Mitt forslag er å legge til rette for at der kunne byggjast fleire naust for mindre trebåtar/færingar o.l. Slike båtar skal helst dragast på land etter bruk, og ikkje ligge i sjøen heile sesongen som i båthamna.

Det kan vere ei utfordring å få dette til utan at plassen rundt nausta får eit privat preg. Det er viktig at området ikkje blir privat. Nausta kunne realiserast gjennom til dømes eit lag under Forbundet Kysten. Eller kanskje jakt og fiskelaget kunne tenkje seg å få til eit miljø rundt fritidsfiske. Naustkulturen er eit satsingsområde nasjonalt, og det er mogleg å søke midlar til eit slikt prosjekt. Nausta kunne leigast ut på same måten som ein leiger ut båtplassar i småbåthamna.

Det viktige i denne omgang er å opne for naustbygging i området ved det store naustet på Fylkesmannsstrondi.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share