Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Viltkryssingar langs Rv 5

Avatar: Stein Joar Hegland
Stein Joar Hegland

Strekninga mellom Valeberg og Amlatunnelen er blant strekningane i Norge med mest hjortepåkøyrsler. Ulike tiltak er gjennomført og testa med varierande hell, og det er no tid for å gjennomføre meir effektive tiltak.

Strekninga mellom Kaupanger sentrum (Kaupangerskogen ved Skogly) og Amlatunnelen har vore området med flest påkøyrsler over tid sjølv om viltgjerder har halde talet på eit lågare nivå enn det som var på 2000-talet. Men i fjor vinter auka talet påkøyrsler kraftig noko som indikerer at tiltaka ikkje er gode nok. Strekninga bør ha viltgjerder/ledegjerder på begge sider av vegen for heile strekket. Viltgjerder må koplast til trygge kryssingar. I dag er kryssingane i form av viltsluser, dvs. avgrensa kryssingar i vegbana, men trafikkmønster og topografi påverkar deira effektivitet i negativ retning. Ein bør difor no få på plass tryggare kryssingar i form av under- eller overgangar. Over Timberlid er det ein traktorundergang. Denne bør kunne erstattast av ein viltundergang. Samstundes bør ein då stenge viltslusa over Nybø. Ved Mårkjetteholet er det også ei viltsluse. Denne bør erstattast av ein viltovergang der ein nyttar fjellskjeringane som fundament. Ein har allereie her ei fotgjengarbru, og teknisk sett skulle dette vera ganske enkelt tiltak å gjennomføre. Viltgjerder bør forlengast i retning Kaupanger sentrum.

Det viktige for arealplanen er at kommunen har dialog med vegmyndigheitene om dette, og at ein bandlegger områda på begge sider av vegen (evt. unngår anna arealformål enn LNF-område) slik at viltkryssing kan finne stad utan begrensingar frå infrastruktur eller anna forstyrring knytt til menneskeleg aktivitet. Det finst ingen standard på kor stort dette området må vera, men omlag 50 meter med skog bør nok setjast av på begge sider i tillegg til ei buffersone der ein ikkje tillèt større tekniske inngrep. Det betyr at ein nok bør flytte turstiar på begge sider litt unna sjølve kryssinga, men dette vil ikkje medføre stor ulempe for folk. Merking på vedlagde kart er eit utgangspunkt for plasseringa langs veg, men ikkje dimensjoneringa på sjølve under- eller overgang inkludert buffersone.

Strekninga mellom Valeberg og Kaupanger sentrum (Kaupangerskogen ved ViteMeir) har også mange påkøyrsler, spesielt gjeld dette Valeberghøgdi (Valeberg til Museet). Test med blinkande varselskilt har synt seg lite effektiv som reduserande tiltak på dette strekket. Ein bør difor vurdere andre tiltak som viltgjerder med over- eller undergangar, evt. viltsluser. Ved evt. omlegging av Rv 5 frå Sogndal til Kaupanger, bør tunnel gå fram til Travbana for å unngå dei mange viltpåkøyrslene i området.

Viltsikringstiltak i trafikken er også viktig for kommunen sin økonomi og arbeidsbyrde, spesielt sidan det er kommunen som må ta kostnadane med viltpåkøyrslene så lenge forskriftene på dette feltet er uforandra. I tillegg til omsyn til trafikksikkerheit og dyrevelferd så er dette eit argument som tilseier at kommunen bør avsetje areal til slike tiltak i arealplanen og ha ein aktiv dialog med statleg vegmyndigheit på dette feltet.

Forslaget er sendt som privatperson, men med bakgrunn i at eg har jobba med problematikken viltpåkøyrsler som fagperson i mange år.

Comments

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share