Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Øyane grendalag om utbygging på Granden: for snevert med 5-minuttarssamfunnet

Avatar: Stein Bondevik
Stein Bondevik

Øyane grendalag er positive til ein park langs elva og vekst og fortetting i områda der det i dag er parkeringsplassar, industri og forretning. Me er også positive til ei ny gangbru over elva mellom Osenbrui og dei to gangbruene ved riksvegen.

I skissene frå arkitektane vert 5-minuttarssamfunnet trekt fram som den ideelle løysinga. Etter vårt syn bør me ha eit perspektiv som inkluderer ein større del av sentrum, for eksempel 10–15-minuttarssamfunnet. Høge hus bør plasserast inn mot skråningar slik at dei ikkje lagar barrierar som stengjer for utsyn mot elva og fjorden, eller utsyn til kyrkja og dalsidene. Me har vellukka høge bygg i Sogndal, for eksempel det nye høgskulebygget på fem etasjar på Lines, studenthusa i Møllevegen og blokkene på Ulvahaugen. Det er plass til høge hus inn mot mange skråningar i Sogndal, med kort veg til sentrum. Skissene til arkitektane, spesielt forslaget til TAG arkitekter, forsterkar barrierar i Sogndal sentrum med høge hus på flata, i ein ring rundt sentrum. Dette deler opp sentrum i ei sone innanfor og ei utanfor 5-minuttarsgrensa, det er uheldig.

Rekkja med hus på nordsida av riksvegen i Øyane, mange av husa bygt på 30-40 talet, bør takast vare på. Ei fortetting her må ikkje redusera kvaliteten og særpreget til denne busetnaden. Eventuelle nye bygg og strukturar må gli fint inn saman med dei eksisterande husa. Firkanta boksar med flatt tak og svart asfalt med parkeringsplassar framom, bør ikkje erstatta gamle hus og grøne hageflekkar.

Eit område i Øyane der det estetisk sett kan stå høgare hus, er inn mot terrasseskråninga under Stedjetunet og runesteinen. Her er skråninga bratt og kartlagt som skredsone, men det bør undersøkjast meir nøye om skråninga er kritisk og om eventuelle tiltak kan frigjera området for nye bygg, for eksempel gjennom freding og fornuftig skøytsel av skog i skråninga som vil stabilisera og hindra eventuelle grunne overflateparallelle skred. Kvikkleireproblemstillingar må vurderast, og dersom det finst slike blaute massar, vurdera om dei kan stabiliserast med injisering av salt/kalk. Nye bygg her vil ikkje hindra utsikt eller innsikt eller skapa barrierar på nokon måte.

Arkitektane peikar på at langs ein ny park ved elva kan det byggast hus på 3-5 etasjar. Me tykkjer 4-5 etasjar er for høgt, då det vil skapa ein vegg og hindra utsikt til og frå parken. Det er viktig at utsynet til parken ikkje blir blokkert av høge hus. Det bør vera plass til gartneriet og andre mindre butikkar, kafear i tilknyting til dette området som vil/kan skapa eit triveleg miljø.

Til slutt vil me minna om at me har eit ansvar for å ta vare på biomangfaldet, også i Sogndal sentrum. Eit særmerke med Sogndal sentrum var store frukttre, spesielt gravensteinsaplar. Me bør ta vare på desse fåe hageflekkane som er att med frukttre i sentrum. For politikarane og planleggjarane tilrår me at dei ser på denne rapporten som kom nyleg: «Globale miljømål og gode nærmiljø – kan dei verke saman? Ein diskusjon av berekraftig tettstadutvikling i Sogndal» av Marte Lange Vik med fleire (https://www.idunn.no/doi/10.18261/9788215053349-2021-02)

Øyane grendalag peikar på at høge hus i Sogndal bør plasserast inn mot dei mange skråningane i bygda og ikkje plasserast nede på flata. På kartet har me ringa inn eit område som kan egna seg til høgare hus, inn mot terrasseskråninga rett under det nye Stedjetunet og runesteinen. I dag er denne skråninga vurdert som skredsone, men kan truleg frigjerast til byggjetomtar ved egna tiltak.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share