Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Vegnett for mjuke trafikantar i Sogndal sentrum (Forslagsstillar: FAU Trudvang skule)

Avatar: Silje Aaberge Aalbu
Silje Aaberge Aalbu

FAU Trudvang skule ynskjer å gi innspel til trafikale løysingar knytt til skule og fritidsaktivitetar for born og unge.

Arealplanen må sikre gode og effektive trasear for mjuke trafikantar som gjer det meir attraktivt å velje å gå eller sykle til daglege gjeremål i bygda. Infrastrukturen for mjuke trafikantar bør bestå av gode universelt utforma anlegg, supplert med snarvegar. Nye snarvegar til Fosshaugane og Kvåle blir svært viktig, då det i dag ikkje er nokon gode (universelt utforma) koplingar direkte frå bustadområda Gurvin, Rutlindsli, Dalavegen, Åbergevegen og Kongabergvegen ned mot Fosshaugane/Kvåle. Fleire snarvegar finst, men desse er bratte og mindre egna for sykling (særleg lite egna til frakting av born på sykkel).

Forslag:
1) Ny gang- og sykkelveg mellom Rutlin og Fosshaugane. Dette vil vere ein trase svært mange frå Leite og Rutlinslid vil ha nytte av, og den vil kunne erstatte den svært bratte snarvegen litt lenger aust som går frå Rutlin til Trolladalen. Snarvegen vil også kunne etaberast meir universelt utforma enn snarvegane i området, og såleis også kunne blir eit meir transportsykkelvenleg alternativ.

2) Gang- og sykkel akse frå Leitevegen til Trolladalen. Denne aksen finst i dag, og bør sikrast i vidare arealplanar. Deler av denne er svært dårleg lyst opp per i dag. Særleg viktig å sikre ein betre kopling mellom Dalavegen og Trolladalen i framtidige planar dersom det blir endringar på området.

3) Gang- og sykkeltrasé mellom Kringla og Kvåle går i dag på bratte snarvegar. Her må det sikre betre og meir universelt utforma snarvegar mellom Kringla/Dalavegen og Kvåle.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share