Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Eit godt bumiljø på Kjørnes - innbyggjarinnspel frå Kjørnes Vel

Avatar: Kjørnes Vel
Kjørnes Vel

Kjørnes Vel sitt føremål er å arbeide for å ta vare på medlemmene/innbyggjarane sine interesser for felles beste og tiltak som skaper trivsel.

Dei siste ti åra har det vore ei stor folketalsauke på Kjørnes. Når utbygginga er ferdig vil der vere 333 bueiningar og over 1000 innbyggarar.

Kjørnes Vel har gjennomført innspelsrunde på velet si facebookside og fått innspel til arealplanen frå innbyggarane på Kjørnes. Velet hadde i 2019 møte med kommunen der fleire av punkta var på dagsorden. Dette er presentert i vedlagt powerpoint-presentasjon og vidare omtala i denne teksten.

Tema som kjem fram er i hovudsak knytt til dei to emna infrastruktur og fellesfunksjonar.

Kjørnes er eit område med store voksesmerter, der utbygginga er sett i gang og fullført før det er sett av areal til naudsyn infrastruktur og fellesfunksjonar. Dette ser velet på som ei svært uheldig rekkefølge i utbygginga.

Ved vidare utbygging/regulering til bustadføremål ser velet det som ein føresetnad at det FØRST blir sett av tilstrekkeleg med areal til fellesfunksjonar og oppretta ein infrastruktur som er trygg og god for innbyggjarane på Kjørnes.

Infrastruktur:
1: Kryss riksveg.(pkt. 2 i vedlagt områdekart)
Dette er eit svært trafikkfarleg kryss, der det dessverre jamnleg skjer trafikkulykker. I dette krysset må det arbeidast med skilting, sikttiltak, reduksjon av fart og lyssetting. Her er mellom anna eit ikkje lyssett gangfelt, der skuleborn kryssar dagleg.

2: Busstopp for skulebuss nedre Kjørnes (pkt.3 i områdekart)
Kjørnes Vel er komne med innspel om ny busstopp på nedre Kjørnes. Det er i området no over 100 born i skulealder, og busstoppen på Øvre Kjørnes er for liten. Her har det i prosess med kommunen kome fram to ulike alternativ. Velet tek ikkje stilling til kva som er den beste løysinga, men presiserer behovet for skulebuss nedanfor riksvegen. Dette er eit tiltak som bør vere klart til skulestart 2022.

3: Snarvegar (tilførselsveg/sti mellom Kleivane og Nylenda pkt.4 i områdekart)
Velet ser behov for trygg gangveg mellom dei to delane av nedre Kjørnes. Denne gangstien må lyssettast og holdast open på vinteren.

4: Tunnel Hagalandet - Kaupanger (pkt.7 i områdekart)
Dette er eit tiltak som vil redusere trafikken forbi Kjørnes, og slik er det positivt for innbyggarane. Likevel er dette eit tiltak som truleg ligg så langt fram i tid at det ikkje må gå på bekostning av tiltak i nær tid.

5: Lyssetting
Undergangar, gangfelt og busstoppar må lyssettast i større grad en i dag. Dette er eit gjennomgåande problem i området, og går ut over trafikktryggleiken.

6: Gangveg Lem- Valeberg
Samankopling av tursti Kjørnes - Lem - Valeberg. Her må ein i dag gå 200 meter i riksvegen for å kunne følge tursti vidare.

7: Kollektivtilbod
Det er ingen gjennomgåande bussruter frå Kaupanger til Leikanger, men mange som pendlar denne vegen. No tek ein busstur frå Kjørnes til Leikanger 1t 15min pga dårleg korrespondanse. Ved betre kollektivtilbod vil fleire kunne nytte buss, som igjen fører til mindre trafikk gjennom Gravensteinsgata og bidreg til å oppfylle kommunen sine miljømål.

8: Parkering utfartsområde
8.1: Utfartsområde øvre Kjørnes
Dette parkeringsområdet er sprengt i høgsesong og har aukande bruk
8.2: Vikane og gangsti/natursti mot Lem
I dag er det felles parkering for Vikane badestrand og bruk av gangsti/natursti mot Lem. Her er kapasiteten sprengt i høgsesong.

Fellesfunksjonar:
Primærbehovet er å auke mengda areal til fellesfunksjonar. Velet har god erfaring med å stille stor dugnadsinnsats, men det må settast av midlar frå kommunen til finansiering/delfinansiering av tiltak. Dette gjeld som eit generelt punkt ved utvikling av fellesfunksjonar.

1: Storaneset (pkt. 6 i områdekart)
Storaneset har ei lang strandlinje som har potensiale til å bli meir tilgjengeleg for allmennheten. Her foreslår Kjørnes Vel tiltak for å auke tilgjenge av området. Kommunen bør gå i dialog med grunneigar av jordbruksområdet for å finne løysingar som aukar tilgjengeligheten.

2: Vikane badestrand (pkt.5 i områdekart)
Det er stort press og aukande bruk av området. I framtida vil velet halde fram utviklinga ved at her skal lagast nye fellesfunksjonar som til dømes flytebrygge, badebrygge, kajakknaust, badstue, benkar, ny sand o.l. Det kan også vere tenleg å utvide arealet i begge retningar.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share