Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

FAU ved Kaupanger skule sine samla innspel

Avatar: Stein Joar Hegland
Stein Joar Hegland

Kaupanger skule sitt arbeidsutval for foreldrerådet (FAU) ønskjer å spele inn til kommunal arealplan for å sikre ei god utvikling av heile Kaupanger skulekrets sine areal med eit fokus på barn og unge sine behov. Vårt innspel er bygd opp rundt kva vi må ta vare på, kva vi må utvikle og kva vi kan bygge ut i Kaupanger. Vi tek ikkje standpunkt til konkrete utbyggingsprosjekt eller -område, men vi spelar inn kva og kor vi tenker det bør byggast og kor det ikkje bør byggast.

Trygge ferdselsårer, som gir rom for god bevegelse men også leik og trivsel, til og frå skulen og andre fritidsaktivitetar har spesielt merksemd frå oss. Vi er spesielt glad for at moglegheitsstudiane har kasta opp nye tankar om sentrumsutvikling, bevegelselinjer og trafikktiltak som kan vera med å utvikle Kaupanger skulekrets i ein god retning. Vi har laga våre eigne skisser for kva vi tenker er viktig å prioritera for å utvikle Kaupanger med fokus på barn og unge sine vilkår. Vedlegget gir det fulle innspelet med skisser og saker, nokre av desse også spela inn som enkeltsaker på nettløysinga.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share