Arealplan for Sogndal kommune 2022-2032
#arealplan Planen som bestemmer kva som kan byggjast kvar
50-sone og rundkøyringar på Rv 5 gjennom Kaupanger (forslagstillar: FAU ved Kaupanger skule)
RV 5 splittar tettstaden Kaupangerskogen og hindrar god sentrumsutvikling. Vegen skapar også mykje støy og hindrar at barn og unge kan krysse vegen trygt, bruke bygda si fritt, og gå eller sykle til aktivitetar.
Ved å etablera ein rundkøyring ved ViteMeir som kan sikre trafikkfordeling til idrettsanlegg, bensinstasjon og næringspark, og ein ved dagens avkøyrsle mot næringsparken så kan ein bøte på nokon av konsekvensane av at vegen er plassert der den er.
To rundkøyringar kan gjere at ein også kan fjerne den trafikkfarlege avkøyrsla frå RV 5 mot Kaupangsenteret/Bjørkehagen som FAU har karakterisert som livsfarleg i sin gjennomgang av trafikktryggleik i Kaupanger skulekrets. I ei 50-sone kan det også etablerast fleire kryssingspunkt. Det er svært mange vegar i Kaupanger sentrum. Ved å gjera desse relativt enkle grepa så er det mogeleg å frigjere nokre areal og få til noko av den sentrumsutviklinga som moglegheitsstudiane peiker på, men på kortare sikt.
RV 5 kan bli lagt rundt Kaupanger ein gong i framtida, men forslaget om 50 km-sone og rundkøyringar på RV5 gjennom Kaupanger er eit tiltak som let seg realisera i løpet av få år. Prosjektet er lett å gjennomføra, men fordrar god dialog mellom kommune og vegvesen og vilje til å setja barn, unge og trivsel før bilisme i Kaupanger.
List of Endorsements
Report inappropriate content
Is this content inappropriate?
1 comment
Saksopplysning: Leira i Valdres er ein stad med visse likskapar til Kaupanger. Storhandel, nærleik til regionsenter (Fagernes) og har ein hovudveg som går gjennom. Her er det nyleg oppgradert veganlegg med rundkøyringar som bremsar farten gjennom sentrum og fordeler trafikk ut til bustad og næring. Dette er parallelt med Kaupanger sitt behov. I tillegg viser dette at det er mogleg å få til slike løysingar på hovudvegar. Leira ligg trass alt ved ein europaveg, E16!
Add your comment
Sign in with your account or sign up to add your comment.
Loading comments ...