Skip to main content

Cookie settings

We use cookies to ensure the basic functionalities of the website and to enhance your online experience. You can configure and accept the use of the cookies, and modify your consent options, at any time.

Essential

Preferences

Analytics and statistics

Marketing

Sats på tomter i Fjærland

Avatar: Eivind Ødegård
Eivind Ødegård

MERK: Dette framlegget inneheld mange delframlegg, lagt inn som kvar si sak. Sjå desse for detaljar.

Fjærland har mykje plass, men knapt nokon ledige tomter. Som mange andre bygder har me mange tomme hus, men ingen ledige. Mykje av arealet her er anten landbruksjord, strandsone eller i skredområde. For å få utvikling i Fjærland, må me byggja nytt, og bruka av tilgjengeleg areal til bustadtomter. Det er ingen tvil om at me er heilt avhengige av eit stort tal nye hus for å få ei slik utvikling i Fjærland som me ynskjer. Innan 2033 bør me ha minst 30 nye bueiningar for å sikra ei levande bygd. Då må det gå med noko areal.

Me ynskjer at mykje meir areal nær kommunevegar skal bli omdefinert til bustadareal. Dette vil i liten grad påverka landbruket. Inntekter frå tomtesal kan brukast til nydyrking av mange gonger meir areal enn det som blir bygd ned. Det er att mykje dyrkingsareal i Fjærland.

Det finst òg framleis areal som ikkje er tenkt så mykje på, og som ligg utanfor både det beste jordbruksarealet og skredsoner.
Vidare er det viktig å leggja ut nok hyttetomter, slik at ikkje bustadareal går til fritidsbruk.

Me legg ved nokre kartskisser som viser døme på aktuelt areal.
I dette innspelet ligg òg ynske om å endra reguleringsplan for Mundal sentrum vekk frå ein forelda tankegang om at alle hus skal vera like. Mundal sentrum ligg til rette for fortetting, medan spreidd busetnad vil vera det beste utanfor Mundal sentrum.

Me gjer merksam på at allereie innteikna areal til bustader ikkje er teikna på nytt i delframlegga. I nokre tilfelle har me føreslege utviding av allereie innteikna areal. Sjå sakene i lenkene under for å lesa meir om kvart einskilt område.

Comment

Confirm

Please log in

The password is too short.

Share