Arealplan for Sogndal kommune 2023-2033
#arealplan Planen som bestemmer kva som kan byggjast kvar
Sogndal - Nytt bustadfelt - Bjelde Gard
På vegne av grunneigar ynskjer Sognehus as å fremja ynskje om nytt bustadfelt på Bjelde Gard og kringliggjande eigedomar.
Bjelde Gard ligg i utkanten av Sogndal sentrum, opp mot Sogndalsdalen med flott utsyn over heile bygda.
I snart 35 år har grunneigar servert området på sølvfat, og stilt det til disposisjon for utvikling av bustader.
Det er eit skrikande behov for nye bustader i Sogndal, og då snakkar me ikkje om leilegheiter i sentrum.
Det er kjent i det vide land at Sogndal har eit prisnivå på bustader som er på nivå med Oslo og Bergen.
Det blir selt leilegheiter i Sogndal til ein kvm-pris på over 80 000,-
Det er meir enn det doble av kva det kostar pr kvm på ein ny einebustad.
Vi har stor tilgang på potensielle tilflyttarar og ny-etablerarar, men vi er heilt blotta for tilgang på tomter til einebustader og førstegangsetableringsbustader.
Sogndal kommune har vedteke høg fortetting i sentrum, men har ikkje planar om å legge til rette for billegare einebustader rett utanfor.
Dette vil vi gjere noko med, og difor spelar vi no inn Bjelde Gard med kringliggjande areal som eit nytt bustadfelt i Sogndal.
Report inappropriate content
Is this content inappropriate?
1 comment
Som ung etablerar i Sogndal meiner eg kommunen må legge opp til at det er mogeleg å få tilgang til tomter for å bygge seg ein bustad i eller nær Sogndal sentrum, da prisane på bustader i Sogndal er slik at det ikkje er mogeleg for dei fleste unge å kjøpe og utbetre gamle bustader. Vi er mange unge osm flyttar frå byane til Sogndal. Eit av ønska ved eit slikt val er å ha eigen hage, i staden for å bu i leilighet, som er eit naturleg val dersom ein bur i by. Slik det er no vel mange å flytte tilbake til byane eller til andre stader der bustadmarknaden er lagt til rette for unge nyetablerarar. Bustadfeltet på Bjelde eller andre tilsvande areal, som kan gi kommunen mulighet til å halde på fleire unge.
Add your comment
Sign in with your account or sign up to add your comment.
Loading comments ...